Twitch bannlyser spel for vaksne

Vil sikre at strømmetenesta er ein trygg og inkluderande stad.

Skjermbilde av Twitch.tv

Strømmetenesta Twitch har oppdatert retningslinjene sine for å stramma inn på kva som er lov å vise folk i beste eller verste sendetid. Dette kjem fram i eit nytt blogginnlegg frå Twitch der dei informerer om at spel med Adults Only-merkinga frå det amerikanske aldersmerkingsorganet ESRB no er bannlyst frå Twitch.

Dette vil seie at alle spel med denne merkinga, uavhengig av kva merking det skulle ha fått i andre land, blir forbode. Det vil framleis vere fullt lov å lage sendingar med spel som har andre aldersmerkingar som til dømes 18+, som er europeiske PEGIs høgste merking. Berre pass på at spelet ikkje er Adults Only i USA.

Slår ned på sex

Kan lanseringa av Hatred ha noko med dei nye Twitch-reglane å gjere?

Sjølv om Twitch strammar inn er nok sjansen liten for at du vil merke mykje til dei nye retningslinjene. Svært få spel har denne aldersmerkinga. I hovudsak gjeld det spel med eit solid fokus på seksuelle aktivitetar, noko ESRB finn langt farlegare enn kroppar som deler seg i fargerike blodfontener.

Det betyr likevel ikkje at ESRB ikkje kan diske ut Adults Only-merking for valdeleg innhald. Det har dei gjort to gongar. Den første var for PlayStation-spelet Thrill Kill, eit spel som aldri fekk lansering. Den andre gongen var med det kontroversielle drapsspelet Hatred som lanserast neste veke.

Tidlegare har blant anna Fahrenheit, Grand Theft Auto: San Andreas (etter Hot Coffee-skandala) og Manhunt 2 fått Adults Only-merking. Utviklarane bak desse spela modererte difor innhaldet i desse titlane for å unngå aldersmerkinga. Dei fleste utgjevarar vil helst unngå Adults Only-merking sidan mange forhandlarar nektar å ta inn slike spel.

Twitch blei i fjor kjøpt opp av Amazon for 6 milliardar kroner. Det oppkjøpet skjedde kort tid etter at rykta ville ha det til at Google ville kjøpe strømmetenesta for den same summen.

Siste fra forsiden