Ultima-skaparen viser sitt nye spel

Lord British vil finne opp rollespelsjangeren på ny.

Richard Garriott – for nokon betre kjent som Lord British – er mannen som skapte Ultima-serien. Ingen rollespelserie har levd så lenge som denne har, og Ultima Online pionerte nettbaserte rollespel.

No er Garriott tilbake med eit nytt rollespel han håpar vil omdefinere korleis vi ser på rollespelsjangeren. Der vi har sett enorme utviklingar i grafikk og lyd gjennom dei siste tiåra, har ikkje historieforteljing utvikla seg like mykje. For det meste snakkar du med ein person, går gjennom alle alternativ, og følgjer alle piler på kartet til du når målet ditt.

Garriott satsar meir på innhald enn på grafikk.
Garriott satsar meir på innhald enn på grafikk.

Dette er ikkje Richard Garriott nokon fan av. No har han lansert ein Kickstarter-kampanje for rollespelet Shroud of the Avatar. I dette rollespelet får du inga definert rolle eller klasse, men vil stå fri til å finne din eigen plass i verda. Nøyaktig korleis dette vil fungere i praksis vil Garriott gå inn på i seinare oppdateringar i løpet av Kickstarter-perioden.

Interaktiv verd

Heile verda i Shroud of the Avatar vil reagere på kva du gjer. Ser du noko kan du gjere noko med det, om det så er ein katapult eller eit piano. I større skala finn vi hus i alle tenkjelege storleikar. Om du vil ha deg ein stad å bu vil prisen variere etter kvar du vil bu, og kor stor etterspørselen er blant andre spelarar.

Shroud of the Avatar vil la deg spele saman med andre spelarar, men du kan òg spele aleine om du vil. Spelet er ikkje eit MMO, men detaljar om korleis fleirspelarfunksjonaliteten fungerer kjem seinare.

Det kan absolutt sjå ut til at folk vil ha fleire spel frå Richard Garriott. Kampanjen for Shroud of the Avatar har berre gått i nokre få fagar, og har 27 dagar igjen, men har likevel klart å samle inn over 600 000 dollar. Dette er derimot ingenting samanlikna med inXile sinn vanvittige suksess med Kickstarter-kampanjen for Planescape: Torment-oppfølgjaren Torment: Tides of Numenera. Der samla dei inn målet sitt på 900 000 dollar på berre seks timar.

Shroud of the Avatar: Forsaken Virtues vil om alt går etter planen bli lansert oktober neste år til Windows, Linux og Mac.

Les også: EA og Bioware Mythic annonserer Ultima Forever
Les også: Tilbakeblikk: Ultima VII: The Black Gate

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen