Ultima Underworld-oppfølgjar i mål på Kickstarter

Rollespelet går no inn i si siste veke med folkefinansiering.

Tidleg i februar lanserte Otherside Entertainment ein Kickstarter-kampanje for rollespelet Underworld Ascendant. Dette spelet blir ein oppfølgjar til Ultima-serien, og blir utvikla av fleire av dei same folka frå legendariske Looking Glass Technologies som stod bak den klassiske rollespelserien. Blant anna er Ultima-designer Paul Neurath og Warren Spector med på laget.

Med ei veke igjen av folkefinansieringa har Otherside Entertainment kunngjort at dei no har nådd målet sitt på 600 000 dollar, og med det får vi omsider ein Ultima-oppfølgjar.

Stor valfridom

Edderkoppar er alltid godt selskap.

Mange moderne rollespel gjev spelarane mykje valfridom i korleis dei skal løyse utfordringar. Svært ofte kjem denne valfridomen i form av dialogval og korleis du skal forme historia, såvel som korleis du byggjer opp figurane dine.

Underworld: Ascendant vel i ganske anna rute som har langt meir til felles med tradisjonelle rollespel i penn og papir-form. Ved hjelp av det utviklarane kallar Improvisation Engine skal du kunne kome ut for ein situasjon, og velje sjølv korleis du skal løyse den. Om du vandrar over ei bru berre for å kome til eit bol med edderkoppar vil du kunne velje å kjempe mot dei, springe, eller kanskje brenne ned brua for å halde deg trygg.

Skulle du prøve å kome deg tilbake er brua borte, men du kan prøve å lage ein båt for å kome deg over, lage tau av spindelvev, eller magi frå magiske soppar.

Verda skal reagere på ting du gjer, og by på ulike fraksjonar som alle kan reagere på avgjerslene dine. Målet er å lage eit spel der du møter ein situasjon du løyser ved å tenkje ut dine eigne metodar.

I tillegg vil kampsystemet by på nokre interessante element. Vi blir lova kampar i eit tempo som gjev deg tid til å tenkje, og ved å kjempe mot fiendar vil du kunne lære deira svake sider, og desse vil i nye kampar gjere seg synlege som lysande felt på fiendane.

Om alt går etter planen vil Underworld Ascendant lanserast på Windows, Linux og Mac mot slutten av 2016.

Siste fra forsiden