Ultimate Marvel Vs Capcom 3 kunngjort

Er du klar for fleire storslegne og fargerike kampar?

Capcom likar tradisjonar, og er det ein tradisjon som står støtt når det kjem til slåssespela deira, så er det å forbetre dei gjennom stadig nye versjonar som kontinuerleg perfeksjonerer formelen. Den japanske mastodonten blei praktisk talt notorisk for å kome opp med dei mest absurde namna etter kvart som dei forlenga levetida på Street Fighter II, og har tura på i god stil med Street Fighter IV, der Super Street Fighter IV Arcade Edition så langt er siste tilskot på slektstreet.

No kan det sjå ut til at Marvel Vs. Capcom 3 er i ferd med å gå ned den same stien, for Capcom har nett kunngjort at Ultimate Marvel Vs Capcom 3 når våre breiddegrader i November.

På tide med litt fyrverkeri.

Denne forbetra utgåva av det populære slåssespelet vil vere betre balansert for å tilfredstille både nye og erfarne spelarar, samtidig som det vil by på mange godsaker for dei som allereie har spelt fingrane til blods med originalversjonen.

Karakterstabelen vil by på tolv nye kampheltar frå både Marvel og Capcom-universa, der vi frå Capcoms side vil få spele som blant anna Frank West, Strider, Phoenix Wright og Nemesis frå Resident Evil-serien. Merkbare Marvel-namn er superheltar som Ghost Rider, Hawkeye og Nova.

Utover dette vil spelet kome med åtte nye arenaer å boltre seg på, samt ein heilt ny tilskodarmodus som let deg vere publikum når folk bankar kvarandre sunder og saman over nett.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden