Ultra Street Fighter IV er kunngjort

Capcom held fram ein gammal tradisjon.

Heilt sidan Street Fighter II har Capcom gjort tradisjon av å gje ut mange versjonar av slåssespela sine der kvar utgåve kjem med justeringar på gameplayet, samt nye karakterar spelarane kan bryne seg på. Street Fighter IV har ikkje vore noko unntak, og spelet har allereie fått nye utgåver i form av blant anna Super Street Fighter IV og Super Street Fighter IV: Arcade Edition.

No er det igjen tid for ei ny utgåve. Under slåssespelturneringa EVO 2013 i helga kunngjorde Capcom Ultra Street Fighter IV, fortel Capcom i ei pressemelding.

Poison er tilbake.

Nye kampkjemper

I Ultra Street Fighter IV får gameplayet ytterlegare endringar basert på tilbakemeldingar frå spelarane. På toppen av dette får vi seks nye arenaer å spele på, samt fem nye karakterar, noko som vil sende totalen opp til 44 kampkjemper.

Fire av dei nye karakterane har så langt blitt kunngjort. Dei er dei gamle Street Fighter-travarane Hugo, Poison, Elena og Rolento. Den femte karakteren vil bli heilt ny for Street Fighter-universet.

Den første traileren frå Ultra Street Fighter IV kan du sjå nedanfor.

Ultra Street Fighter IV kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Windows tidleg neste år. Du kan kjøpe fullversjonen av spelet, men om du har Super Street Fighter IV eller Super Street Fighter IV: ArcadeEdition frå før, kan du laste ned det nye innhaldet i staden.

Les også: Street Fighter blir TV-serie Les også: Slåssespillet som definerte sjangeren

Siste fra forsiden