(Bilde: Capcom)

Ultra Street Fighter IV på PlayStation 4 får støtte for gamle slåssestikker

Du treng ikkje kjøpe nytt og dyrt utstyr for konsollskifte.

Nye konsollar betyr som regel at det meste av gammalt utstyr raskt mistar nytteverdien sin. Ekstra sårt er slikt for slåssespelentusiastar som gjerne bruke solide summar på å kjøpe seg gode slåssestikker.

Blant slåssespelpublikummet har mange såleis naturlegvis vore spente på om dei ville får bruke sine gamle stikker når Ultra Street Fighter IV lanserast på PlayStation 4 neste veke. I ei fersk oppdatering på PlayStation-bloggen har Sony gode nyhende til dei som ventar på nye basketak med gamle heltar.

Får full FightStick-støtte

Ultra Street Fighter IV lanserast på PlayStation 4 neste veke.
Ultra Street Fighter IV lanserast på PlayStation 4 neste veke. Bilde: Capcom

I tillegg til full støtte for PlayStation 4-slåssestikkene i FightStick-serien, vil Ultra Street Fighter IV få full støtte for FightStick-kontrollarar laga for PlayStation 3. Dette har blitt gjort mogleg ved at Capcom har inkludert Fightstick-driverar utvikla av Skullgirls-studioet Lab Zero.

Ultra Street Fighter IV vil ikkje by på mykje nytt når det lanserast på PlayStation 4 26. mai, men det vil servere slåssespelet på eit 1080p-fat dandert med 60 bilete i sekundet. I tillegg byr Capcom på ein smakfull dessert beståande av alt av DLC som er lansert til no.

Ved sidan av Ultra Street Fighter IV har Capcom meir slåssing i vente for PlayStation 4-publikummet. I fjor avslørte dei at Street Fighter V er under utvikling eksklusivt for PC og PlayStation 4.

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen