Uncharted-filmen har fått ny regissør, igjen

Får vi endeleg sjå Nathan Drake på den store skjermen?

Den planlagde Uncharted-filmen har atter ein gong fått ny regissør. Filmsida Deadline fortel at Shawn Levy vil ta over prosjektet, og at filmen no er på såkalla «fast track». I praksis betyr det at Sony ynskjer å få filmen ferdig så fort som mogleg.

Shawn Levy har mange prosjekt bak seg. Han regisserte Natt på Museet-filmane, Date night og Real Steel. Han har også regissert to episodar av årets massive Netflix-suksess Stranger Things. Der fungerte han i tillegg som produsent, noko han òg vil gjere for den komande science fiction-filmen Arrival.

Filmen er forfatta av Joe Carnahan som no er i gong med ein ny Bad Boys-film. Kven som skal spele i filmen er det enno ikkje sagt noko om.

Utfordrande filmprosjekt

Kven får æra av å spele Nathan Drake?
Sony Computer Entertainment

Det var heilt tilbake i 2009 at vi først fekk høyre at Uncharted-skulle bli film. Filmen har gått gjennom ei mengde regissørar sidan den tid. Namn som David O. Russel, Neil Burger og Mark Boal har alle på eit eller anna tidspunkt vore involverte som regissørar.

Lenge var det i tillegg meininga at Mark Wahlberg skulle spele Nathan Drake, medan Jurassic World-stjerna Chris Pratt seinare var i samtaler om å ta på seg rolla.

Sjølv om det no er sju år sidan vi først fekk høyre at det skulle kome ein Uncharted-film, betyr ikkje det at vi ventar forgjeves. Det tok heile ti år frå det blei avslørt at det skulle kome ein Warcraft-film, til den faktisk blei lansert. Om Uncharted-filmen blir ein større suksess enn Warcraft, gjenstår å sjå.

Medan du ventar kan du ta ein kikk på den imponerande norske Uncharted-fanfilmen frå 2014.

Siste fra forsiden