Unike D4: Dark Dreams Don't Die kjem til PC

Eksperimentelt og absurd eventyrspel når ei ny plattform..

Det noko uvanlege og sære eventyrspelet D4: Dark Dreams Don't Die blei lansert på Xbox One i fjor haust. I spelet som først og fremst er designa for Kinect, men som òg kan spelast med kontrollar, tek du på deg rolla som den noko forstyrra detektiven David Young. Han drikk tequila til frukost, trur katten sin er eit menneske, og har fått ei evne til å reise i tid for å kunne finne ut kva som skjedde med hans avdøde kjærast.

D4 nådde aldri det heilt store publikummet då det blei lansert på Xbox One, men no gjer regissør Swery seg klar for å sleppe spelet laus på eit nyt publikum. Det kjem fram i ei Twitter-melding frå regissøren der han stadfestar nyhenda som først slapp i nyaste nummer av den japanske spelblekka Famitsu.

Tequila er David Youngs oppskrift på ein god morgon.

Den einaste konkrete detaljen Swery har sagt om PC-versjonen av D4, er at det fungerer fint å spele det med mus. Når lanseringa vil finne stad, og om det vil få endringar i forhold til Xbox One-versjonen vitast ikkje.

Eksperimentelt og unikt eventyr

D4: Dark Dreams Don't Die er eit episodisk eventyrspel som byr på tre kapittel. I dei får vi følgje David Young i hans søk etter sanning, og får ta del i ei rekke absurde hendingar. Vår spelmeldar meinte spele absolutt var best med Kinect, sidan det gav deg ein nærleik til hovudpersonen, og fekk ta del i opplevingane hans på ein mykje betre måte enn med kontroll. Swery har skapt eit spelunivers som blei krona med åtte punkt på poengskalaen:

«Som gamerar er vi indoktrinerte med at spel skal passe inn i spesielle former, spelfigurar skal ikle seg kjente roller og historier skal formidlast på tradisjonelle måtar. D4 nektar å innfinne seg i desse konvensjonane og trampar avgarde som ein full mann med eit mål og ei meining som vi edru tørrpinnar ikkje klarar å forstå. Av og til kan det lønne seg å sleppe alle hemningar og bli med fylliken på heisatur.»

Swery har tidlegare stått bak kultklassikaren Deadly Premonition som i første omgang blei lansert eksklusivt på Xbox 360. Spelet blei derimot seinare lansert i forbetra utgåver på PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden