Unike Outcast kan likevel gjennoppstå

Skaparane av det ambisiøse action-eventyret har fått tilbake rettane.

90-talet bydde på mange minneverdige spel som har gått ned i historia. Eit av desse var det ambisiøse Outcast. I dette spelet enda du opp i eit parallelt univers der du måtte utforske ei unik verd på jakt etter eit objekt for å stogge eit svart hol som trua med å øydeleggje det meste.

Spelet var forut for si tid på mange måtar, og bydde til dømes på avansert grafikk, imponerande kunstig intelligens, og stor valfridom i ei stor og opa verd. Ein oppfølgjar var under utvikling, men blei kansellert etter usemje blant utviklarane, samt at utgjevarane ikkje heilt likte det dei såg.

No kan det sjå ut til at Outcast kan kome tilbake. Via Gamasutra får vi høyre at grunnleggjarane av Outast-utviklarane Appeal no har kjøpt tilbake rettane til Outcast frå Atari. Dei har starta arbeidet med å gjenopplive Outcast, og vil kome med nye kunngjeringar snart.

Vi må altså smørje oss med litt tolmod før vi får vite kva som skjer vidare med Outcast. Om du ikkje var blant dei som fekk med seg spelet i første omgang, er det tilgjengeleg via GOG.com.

Les også: Atari-klassikere til GOG »

Siste fra forsiden