Universe at War på tvers av plattformer

Med Windows Vista og «Games for Windows - Live» forsøker Microsoft å knuse barrierane mellom PC-ar og konsollar. 1 juni kom Shadowrun, det første spelet som let folk på konsollar og PC-ar spele mot kvarandre.

Skjermbilde frå Universe at War: Earth Assault
Skjermbilde frå Universe at War: Earth Assault

Sega har no kunngjort at du vil kunne gjere det same i deira komande strategispel, Universe at War: Earth Assault. I Universe at War har menneska støtt på ein svært fiendtleg rase med romvesen, som har bestemt seg for å ta over jorda.

Spelet vil la deg skreddarsy hæra di med forskjellige våpen og utstyr. Du vil samtidig kunne oppgradere produksjonsfasilitetane dine, og forske på forskjellige offensive, defensive eller eksperimentelle teknologiar.

For å sørgje for at speling mellom PC og konsoll går smertefritt, vil utviklarane hos Petroglyph leggje inn mange forskjellige modusar og sørge for at gameplayet er godt balansert. Kontrollsystemet på Xbox 360 er bygd opp frå grunnen av, i staden for å vere ei direkte konvertering frå PC. Ein av fleirspelar-modusane i spelet er «Conquer the World», der du tek del i ein pågåande kamp der målet er fullstendig kontroll over verda.

Universe at War: Earth Assault vil i likheit med andre «Games for Windows – Live»-spel gi deg belønningar i form av poeng og medaljar når du oppnår forskjellige mål i løpet av spelet.

Universe at War: Earth Assault kjem til PC i løpet av høsten. Xbox 360-versjonen kjem første kvartal neste år.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen