Utsetjing for Shadowrun Returns

Større budsjett betyr lengre utviklingstid for cyberpunk-rollespelet.

Sjølv om alt som kan krype og gå av utviklarar snart har teke turen innom Kickstarter, har vi enno til gode å sjå mange resultat. Med unntak av det godt mottekne FTL: Faster Than Light må vi for det meste ta til takke med lovnadane frå utviklarane enn så lenge.

Ein av fordelane med Kickstarter er derimot at utviklarane kan vente med å lansere prosjekta sine til dei er heilt ferdige, sidan dei ikkje har store utgjevarar som pustar dei i nakken. Eitt av prosjekta som no merkar effekten av dette er Shadowrun Returns som har mål for auge å skape eit verdig gjensyn med den gamle rollespelserien basert på penn-og-papir-rollespelserien Shadowrun.

Sidan utviklarane hos Harebrained Studios samla inn heile 1.8 millionar dollar i staden for dei 400 000 dei i utgangspunktet var på jakt etter, har spelet endra form kan vi lese i ei ny oppdatering på Shadowrun Returns si Kickstarter-side.

«Vi kunngjorde for nokre månader sidan at vi gjekk bort frå den originale planen om å lansere i januar 2013. Det kunne ha fungert for storleiken på det spelet vi originalt hadde i planane, men etter kvart som ambisjonane blei større, treng vi meir tid for å levere. I tillegg har vi gått frå det originale fugleperspektivet til ein isometrisk synsvinkel, noko som tok mykje tid.»

Grunna det solide budsjettet Harebrained Studios enda opp med har studioet hyra inn fleire utviklarar, og flytta inn i større lokale. Samtidig har mykje av fokuset deira den siste tida vore på å få alle systema på plass slik at designerane kan fokusere på å skape ei god historie.

Shadowrun Returns skal etter planen lanserast ein stad mellom mai og juni 2013.

Les også: Alvebikere og trollmenn med uzi Les også: Peter Molyneux vil gjenskape gudesjangeren

Siste fra forsiden