Utsetjing for Studio Ghibli-rollespel

Dei som har venta på Ni No Kuni må vente litt lenger.

Ni No Kuni: Wrath of The White Witch er eit japansk rollespel frå det erfarne studiet Level 5. Etter planen skulle det eigentleg lanserast 25. januar, men i ei pressemelding fortel Namco Bandai at spelet grunna uforutsette logistikkproblem har fått ei lita utsetjing til fredag 1. februar.

Spelet er eit samarbeid mellom Level 5 og det respekterte animestudioet Studio Ghibli. Level 5 er kjende for svært solide spel som Dark Chronicle og Professor Layton-serien, medan Studio Ghibli har produsert nokre av dei mest kjende animefilmane på marknaden. Blant høgdepunkta finn vi Princess Mononoke og Spirited Away.

Under produksjonen av Ni No Kuni har Level 5 handtert det speltekniske, medan Studio Ghibli har jobba med design, samt at dei har produsert fleire mellomsekvensar som dyttar historia vidare.

Vi har sett på spelet eit par gongar, og no i desember kunne Andrine fortelje om sine ferske inntrykk:

«Etter å ha spelt om lag 18 timar har eg såvidt skrapa i overflata. Eg lengtar etter å spele vidare, og det er lenge sidan et japansk rollespel har gjeve meg den kjensla. Eg er i alle fall veldig begeistra, og eg har ei aning om at dette vil falle i smak hos dei fleste med ein forkjærleik for sjarmerande japanske rollespel.»

Les også: Sega til krig mot Level 5
Les også: Den japanske spillindustrien er på vei tilbake

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen