Vagrant Story-regissørens nye spel i mål på Kickstarter

Det blei hårfint over målstreken for Yasumi Matsuno og amerikanske Playdek.

For ein månad sidan lanserte det amerikanske studioet Playdek ein Kickstarter-kampanje for det taktiske rollespelet Unsung Story: Tale of the Guardians. Det spesielle med denne kampanjen var at Playdek hadde huka tak i sjølvaste Yasumi Matsuna for å hjelpe til med utviklinga.

Om dette namnet ikkje er kjent for deg står Matsuno bak fleire svært respektere spel under hans tid hos Square Enix. Han var blant anna regissør på Vagrant Story og Final Fantasy Tactics. I tillegg stod han ved roret på Final Fantasy XII, før han til slått måtte trekke seg ut grunna dårleg helse.

Konspetbilete som illustrerer kampsystemet i Unsung Story. (Foto: Playdek).

I Unsung Story har Matsuno skrudd saman verda og historia, men vil og ha ei viktig rolle i utforminga av sjølve spelet. I tillegg til å by på Matsunos talent for å skru saman smart gameplay og gode historier, har Playdek huka tak i to erfarne Matsuno kollaboratørar. Akihiko Yoshida som har vore karakterdesigner på dei fleste av Matsuno sine spel, samt Hitoshi Sakimoto som har stått for musikken i spela til Matsuno vil òg låne sine talent til Unsung Story.

Det såg lenge mørkt ut for Kickstarter-kampanjen til Matsuno og Playdek. Med lite konkret informasjon om spelet sleit Unsung Story med å nå målet på 600 000 dollar. Det var ikkje før for eit par dagar sidan at målet var nådd, og dei landa til slutt på 660 000 dollar.

Politikk og intriger

Det er lite som tyder på at Unsung Story vil by på ei typisk fantasy-historie om vondskap og gode heltar. I staden vil vi følgje familiar gjennom fleire generasjonar, og politiske intriger og gråsoner vil stå for konfliktane i spelet.

Som med fleire av Matsunos tidlegare spel vil Unsung Story by på taktiske og turbaserte kampar. Det kjende rutenettet han har nytta er derimot borte til fordel for ein ny vri på heksagonale nett. I staden for å gå til sideliggande heksagon, vil krigarane flytte seg lags krysspunkta, noko som vil la deg flytte dei i seks ulike retningar.

På toppen av dette lovar utviklarane avanserte system for å byggje opp karakterane dine, og spesialisere dei slik du sjølv vil.

Om du er glad i turbasert taktikk har det vore eit bra år så langt. Både Blackguards og nydelege The Banner Saga fekk svært gode mottakingar hos oss.

Siste fra forsiden