Vakker vikingsaga kjem til mobil

Det handteikna rollespelet The Banner Saga får nytt liv til sommaren.

For dei som likar rollespel og turbaserte kampar fekk vi ein svært god start på året. Det vakre og handteikna rollespelet The Banner Saga sende oss ut på eit spanande vikingtokt fult av utfordringar og vanskelege avgjersler.

I ei pressemelding frå utgjevaren Versus Evil får vi i dag vite at The Banner Saga vil kome til mobil i løpet av sommaren. Presis dato og kva mobilplattformer spelet vil dukke opp på får vi derimot ikkje vite noko om.

Harde kår i vikingland

The Banner Saga hentar mykje av inspirasjonen sin frå taktiske rollespel som Final Fantasy Tactics og Fire Emblem. Kampane utspelar seg på eit rutenett, og om ein krigar døyr kan det får langvarige konsekvensar. Utanfor kampane må du i tillegg handtere eit reisefølgje fullt av folk som både har sterke meiningar, og har behov for proviant.

Korleis spelet vil bli tilpassa mobile plattformer gjenstår å sjå, men vi var frå oss av begeistering over PC-versjonen, og klinka til med ni sterke poeng:

«The Banner Saga er eit av dei mest oppslukande og gripande spela eg har spelt på lenge. Det driv deg vidare og er forferdeleg vanskeleg å leggje frå seg. Du vil heile tida sjå kva veg historia går, og den er brutalt ærleg om kor farleg ein krig kan vere. Folk døyr utan at du kan gjere noko med det, og spelet sender deg ein utriveleg skruball når du minst ventar det.»

Etter suksessen med The Banner Saga tidlegare i år starta utviklarane hos Stoic arbeidet med det andre spelet i det dei ser føre seg skal bli ein trilogi.

Siste fra forsiden