Vakkert krigseventyr kjem til sommaren

Unike Valiant Hearts: The Great War har fått dato.

Ubisoft har sperra auga opp hos mange ein spelar med sin UbiArt-motor. Frå starten med Rayman Origins har dei demonstrert korleis dei kan skape lekker todimensjonal grafikk av eit kaliber vi knapt har sett før. Rayman Origins fekk i fjor oppfølgjaren Rayman Legends, medan nyleg lanserte Child of Light òg nyttar UbiArt-motoren til stor effekt.

Valiant Hearts: The Great War er atter eit UbiArt-spel som satsar på å fortelje ei god historie gjennom herleg 2D-grafikk. I dette spelet følgjer vi fem personar under første verdskrig, og spelet er inspirert av historier henta frå faktiske brev skrivne under krigen.

I dag har Ubisoft sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Valiant Hearts vil bli tilgjengeleg for nedlasting på PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One og PC 25. juni.

Slår på emosjonelle strenger

Valiant Hearts: The Great War byr på lekker grafikk i teikneseriestil.

Valiant Hearts: The Great War introduserer oss for fem ulike heltar som alle har ulike historier å fortelje. I følgje Ubisoft vil hovudpersonane oppleve venskap, kjærleik og tragedier i ei historie som knyt dei alle saman.

I motsetning til dei fleste spel basert på første verskrig, er det ikkje action og skyting som står i fokus. Som dei andre UbiArt-spela er Valiant Hearts eit sideskrollande spel, men her er fokuset på å løyse oppgåver. Kokken Emil må til dømes finne ut korleis han skal få gjort klar mat til soldatane, medan ein amerikansk soldat må kome seg forbi tyskarar for å sprenge ei bry.

Ubisoft har lagt ut ein fersk trailer som viser fram den fargerike stilen til spelet. Den kan du sjå nedanfor.

Siste fra forsiden