Vakre AER lar deg fly mellom svevande øyer

Vinnaren av speldesignkonkurranse får drahjelp frå tyske Daedalic.

Tyske Daedalic er for dei fleste først og fremst kjende for å lage tradisjonelle eventyrspel i peik og klikk-stil, men i dei seinare åra har dei utforska andre territorium. Fjorårets Blackguards demonstrerte at dei har taket på rollespelsjangeren, og i dag har dei kunngjort eit nytt actioneventyr frå det svenske indiestudioet Forgotten Key.

I AER tar du på deg rolla som pilgrimjenta Auk. I ei jakt på minner frå fortida kan du utforske ei fargerik verd både til fots, og ved å omforme deg til ein fugl for å fly mellom svevande øyer.

Action og utforsking

AER ser ut til å bli stemningsfullt.
AER ser ut til å bli stemningsfullt.

Spelet blir skildra som ei blanding av actioneventyr og utforsking frå lufta, og på si reise vil Auk møte andre personar som kan skifte ham, samt mørke skapningar som gjerne vil setje ein stoppar for reisa hennar.

AER vann den svenske konkurransen Game Concept Challenge i 2013, men har kome eit solid stykke sidan den gong. Vi veit ikkje mykje om spelet enno, men den visuelle stilen byr på eit karakteristisk uttrykk med fargerike lavpolygonmodellar.

Vi må vente enda ei stund før vi får sjå om spelet lev opp til sitt fargerike ytre, sidan det ikkje vil bli lansert før i 2016. Då vil det dukke opp på Windows, Mac, Linux, PlayStation 4 og Xbox One.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen