Anmeldelse

Valkyrie Profile: Lenneth

Norrøn mytologi har blitt brukt som inspirasjon for ei mengde spel opp gjennom tidene. Alt frå rollespel til actionspel har univers som er sterkt prega av middelalder og mytologien som stammar frå vår del av verda. Gudar som Odin og Tor, treet Yggdrasil og eit hav av andre element har blitt brukt og formatert til å passe inn i ei rekke fiktive univers. Square Enix som leverar oss Valkyrie Profile: Lenneth, er heller ikkje ukjende med mytologien vår, og kjenner den kanskje betre enn dei fleste. Gjennom Final Fantasy-serien vil dei fleste legge merke til ei rekke lett gjenkjennelege namn og symbol.

Når de døde høstes

Valkyrie Profile: Lenneth tek det heile eit solid steg vidare. I norrøn mytologi hadde Odin ei rekke med krigskvinner. Desse kvinnene rei inn på sine hestar og plukka opp dei heroiske døde for å innlemme dei i Odin si hær. Du er ei slik krigskvinne, eller valkyrje som er deira rette namn. Du får i oppdrag å samle inn sjeler, og trene dei opp til å bli verdige krigarar. Om du gjer ein god jobb, er ein siger i ragnarok sikra, men om du sender uskikka krigarar, kan dommedag bli eit hardt faktum.

Med eit utgangspunkt som dette burde det ikkje vere ei stor overrasking at død er eit sentralt tema i spelet. Du reiser gjennom verda for å finne dei som snart vil dø, for deretter å bringe dei med deg. Du får ta del i dei siste stundene til forskjellige personar, og det er mange tragiske historier om svik, bedrageri og håplaus kjærleik.

Spelet er delt inn i kapittel, og kvart kapittel har 24 epokar. Ved å besøke område vil du bruke opp epokar, og før du når siste epoke må du sende av gårde eit antal krigarar til Odin. Om du brukar tida di dårleg vil du risikere å øydeleggje for deg sjølv, og du har aldri tid til å reise fram og tilbake på måfå. Du må finne dei heltane du kan, før du sender dei ut i kamp, bygger dei opp, og håpar dei er gode nok krigarar for gudehæra.

Valkyrie Profile: Lenneth er på mange måtar eit japansk rollespel, men det blir likevel ei veldig snever kategorisering. Når du spring rundt i skog og mark på jakt etter fiendar, ser du alt frå sida. Du hoppar mellom platå, og utfører nokre få oppgåver i det som mest framstår som eit sideskrollande plattformspel. Du kan sjå fiendane før du angrip dei, og du kan velje å enten angripe dei, eller å unnvike dei.

Heltar i krig

Kampsystemet i Valkyrie Profile: Lenneth er bygd opp rundt eit system der kvar karakter er lagt til kvar sin knapp. Dei angrip når du trykker, og på denne måten kan du variere når den og den personen skal angripe, gjerne for å skape kombinasjonar av angrep som vil senke fienden raskt. Til dømes kan nokon slå gjennom fienden sitt skjold, før du sender ein anna inn for å slå han medan han er sårbar. Om du gjer det bra kan du utføre spesialangrep. Desse spesialangrepa er perfekte for å avslutte ein fiende sidan dei gir enormt med skade. Du kan òg lenke saman dei forskjellige karakterane sine angrep. Det einaste problemet med desse angrepa er kanskje at dei varer hakket for lenge. Å sjå det same angrepet kan raskt bli noko som stoppar spelet nokre hakk, sidan du berre ser karakteren din utføre ei rekke slag mot fienden.

Etter at ein kamp er over får du ei dose erfaringspoeng og kanskje ein gjenstand eller to. Valkyrie Profile: Lenneth har ingen butikkar eller liknande, men lar deg lage gjenstandar sjølv. Ved å bruke poeng du får utdelt frå gudane, kan du lage deg alt frå våpen til helbredande gjenstandar. Om du skulle gløyme å tenke på dette kan du raskt befinne deg i ein kinkig situasjon der våpena dine har blitt øydelagt, og du ikkje får helbreda deg sjølv. Samtidig kan du alltid få nye gjenstandar så lenge du ikkje brukar opp alle poenga dine utan å tenke langsiktig.

Erfaringspoenga har to formål. Det eine er å gjere krigarane dine kraftigare, det andre er å auke deira heroiske nivå. Før eit nytt kapittel får du vite kva type krigarar Odin har bruk for, og ved å vite dette kan du fordele erfaringspoeng på dei ferdigheitene gudane treng. Samtidig må du oppgradere mentaliteten deira. Dei fleste heltane du plukkar med deg er ikkje særleg heroiske, men ved å forsterke deira personlege karakteristikkar, vil du sakte men sikkert skape skikkelege heltar.

Valkyrie Profile: Lenneth er ei portering av eit sju år gammalt PSOne-spel, og det er lett å sjå. Designen er tidvis veldig bra, men grafikken har ein lei tendens til å skifte mellom å vere fin og skarp, til å bli skikkeleg uskarp og grumsete. Square Enix har òg slengt inn eit par pene filmsekvensar for å pynte på historia. Musikken i spelet er komponert av Motoi Sakuraba, som blant anna har kompnert musikken til Baten Kaitos. I Valkyrie Profile: Lenneth gjer han for det meste ein god jobb, men det snik seg inn eit og anna spor som etter å ha blitt repetert nokre gongar kan samanliknast med å få gjentatte slag med ein hammar mot tinningen.

Konklusjon

Det er litt underleg at eit sju år gammalt spel framleis kan framstå som nyskapande og unikt. Det er likevel akkurat det Valkyrie Profile: Lenneth er. Det har eit fengslande univers der det handlar om død og liding, og gode utfordringar. Det unike kampsystemet er og noko for seg sjølv, og bringer uant dybde til spelet. Valkyrie Profile: Lenneth er annarleis, og ulikt det meste av spel der ute. Samtidig er det djupt engasjerande der det driv deg framover for å trene opp krigarane dine.

Vurdering


Valkyrie Profile: Lenneth PSP PSP 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 27. april 2007
  • Plattform: PlayStation Portable
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen