Valve lagar eigen handkontroll

Vil omdefinere korleis du spelar spel.

Det har vore ei stor veke for Valve. Dei starta på måndag med å kunngjere at dei vil lansere SteamOS, eit eige operativsystem skreddarsydd for å køyre spel best mogleg. På onsdag kunngjorde dei at dei vil produsere sine eigne datamaskiner, og i kveld har dei vist oss sin visjon for korleis du skal spele spel i framtida.

Steam Controller er ein ny handkontroll som Valve påstår vil kunne gjere alt du kan gjere med mus og tastatur. Den har ei velkjent form, men du skal ikkje sjå lenge på den før du ser at den skil seg svært markant frå andre kontrollarar på marknaden.

Slik ser Valves nye handkontroll ut.

Haptiske tilbakemeldingar

I staden for å bruke dei tradisjonelle analogstikkene som både Microsoft, Sony og Nintendo brukar i sine kontrollarar, vil Steam-kontrollaren kome med ei trykkflate på kvar side av kontrollaren. Dette meiner Valve vil gje mykje meir presis kontroll enn tradisjonelle styrestikker, og dei fortel vidare at presisjonen ikkje er langt unna den vi finn i ei mus.

Under desse trykkflatene vil vi finne ei ny form for fysiske tilbakemeldingar. I staden for ristemotorane vi finn i mange kontrollarar vil Steam-kontrollaren by på haptiske tilbakemeldingar. Gjennom elektromagnetiske koplingar fortel Valve at du kan få informasjon frå spelet om alt frå fart og tyngde til teksturar og grenser.

I midten av kontrollaren finn vi ein trykkskjerm som kan brukast individuelt av kvart spel. Denne kan brukast til å bla i alt frå menyar til å fungere som ekstra knappar. For at du skal sleppe å ta blikket bort frå skjermen medan du spelar vil innhaldet på denne skjermen òg bli vist på den store skjermen framfor deg.

Utover denne finn vi heile 16 knappar på kontrollaren der halvparten av dei vil vere tilgjengeleg utan at du treng flytte på ein einaste finger. Ved sidan av dette er kontrollaren heilt symmetrisk slik at den ikkje vil by på problem for venstrehendte spelarar.

Eit døme på korleis tradisjonelt mus og tastatur-oppsett vil fungere med Steam Controller.

Kan brukast som mus og tastatur

Sidan ingen av spela i Steam-katalogen blei laga med Steam-kontrollaren i tankane vil Valve tilby ein modus der kontrollaren i praksis vil fungere som mus og tastatur. Då vil ei av trykkflatene fungere som mus, medan den andre vil fungere som eit tradisjonelt WASD-oppsett. Dei resterande knappane på kontrollaren vil bli brukt til dei mest vanlege funksjonane vi finn i spel.

Steam-kontrollaren er i følgje Valve designa for å vere open for hacking. Faktisk inviterer dei folk til å eksperimentere med den og utforske den, og vidare fortel Valve at dei er spente på å sjå kva folk vil finne på.

Om du er interessert i å slå kloa i ein Steam-kontroller vil den i første omgang berre bli tilgjengeleg gjennom ein betatest som vil gå i gong seinare i haust. Denne vil gjelde både for Steam-kontrollaren og Steam-maskinene Valve kunngjorde på onsdag. For meir informasjon om korleis du kan bli med på å teste Valves nyvinningar kan du ta ein kikk på Valves informasjonsside.

Les også: Snart kan du dele Steam-spela dine Les også: Valve åpner nytt samlekortsystem på Steam

Les også
Cyberpunk 2077 byr på flerspillerdel

Siste fra forsiden