Valve med stor kunngjering på måndag

Den første av tre kunngjeringar om framtida til Steam.

Tidlegare i veka snakka Valve-sjef Gabe Newell under LinuxCon om korleis han meiner operativsystemet Linux er framtida for spel. Då lova han at vi i komande veke vil få vite mykje meir om kva planar Valve har for Linux.

No har Valve helt enda litt meir bensin på bålet. Dei har sendt ut ei pressemelding der dei lovar ikkje berre ei, men heile tre kunngjeringar i løpet av neste veke. Pressemeldinga nemner ikkje spesifikt Linux, men i staden kva planar Valve har for stova di og speling på eit fjernsyn.

Dette kjem ei tid etter at Valve lanserte den digitale spelsjappa Steam sin Big Picture-modus, eit oppsett designa for å optimalisere Steam for bruk på fjernsyn med ein handkontroll mellom henda.

Den første kunngjeringa vil kome måndag ettermiddag på ein ny nettstad som teller ned til ganske presist kl. 18.00 måndag.

Klart for Steam-konsoll?

Det har vore mykje snakk fram og tilbake om at Valve jobbar med sin eigen Linux-baserte PC snekra saman spesifikt for å køyre spel via Steam. Tidlegare i år blei det kjent at prototypar på boksen var nær ved å bli sendt ut til utvalde kundar.

Valve har både avkrefta og seinare stadfesta at dei jobbar med sin eigen boks.

Nøyaktig kva planar Valve har finn vi først ut måndag ettermiddag. Kva trur du Valve vil vise fram?

Les også: Snart kan du dele Steam-spela dine
Les også: Valve åpner nytt samlekortsystem på Steam

Kommentarer (59)

Forsiden akkurat nå

Til toppen