Anmeldelse

Borderlands: The Secret Armory of General Knoxx

Våpen og latter

Gearbox held fram sigersrunda med det nyaste innhaldet for Borderlands.

Eg skal ikkje eingong prøve å finne ut kor mange timar eg har brukt på Borderlands, det som i mi bok utan tvil er fjorårets beste samarbeidsoppleving. Spelet gav oss noko heilt nytt ved å kombinere forskjellige sjangrar, og resultatet er eit spel som framleis held stand som vanvittig god underhaldning.

Fram til no har Gearbox dytta ut to pakkar med nedlastbart innhald. Den første sende oss til eit mørkt zombie-paradis i The Zombie Island of Doctor Ned, medan den andre gav oss beinharde turneringar med få premiar for innsatsen. Eg kan ikkje seie eg var for begeistra over arena-kampane i Mad Moxxi's Underdome, noko som gjor det veldig spanande å sjå kvar Gearbox ville ta vegen med den nye pakka; The Secret Armory of General Knoxx.

Pang pang, vinn vinn

Gode nyhende for alle som ikkje var heilt overbevist over endelause kampar utan erfaringspoeng; General Knoxx tek deg tilbake til rota av kva som gjer Borderlands så fantastisk. I den største pakka med innhald så langt får vi nye fiendar, nye område, mange heftige nye våpen, og endeleg kan du klatre deg over erfaringsnivå 50. General Knoxx er utan tvil den beste pakka så langt, og sidan du kan klokke inn godt over ti timar, er det utan tvil den lengste. Ti timar for knapt meir enn 50 kroner er det eg kallar valuta for pengane.

Din første stopp er T-Bone Junction, eit vegkryss som fungerer som basen for dine operasjonar. Her finn du nokre sjapper, ei oppslagstavle for nye oppdrag, og ein litt forvirrande struktur som kan gjere det litt vanskeleg og tungvindt å finne fram i starten.

Temmeleg umiddelbart vil du kome i nærkontakt med det som må seiast er «temaet» for denne utvidingspakka: bilar. I General Knoxx er det eit mykje større fokus på køyrety, og vi får to nye farkostar å kruse gjennom verda med. Sidan kjerra som kom med Borderlands ikkje var godt for mykje anna enn å kome seg kjapt frå ein stad til ein annan, eller for å køyre ned fiendar, er desse to nye doningane velkomne. Eg synest framleis dei ikkje er så kraftige som dei godt kunne ha vore, men dei er defintivt meir effektive mot fiendar, samtidig som dei toler mykje meir skade.

Dette gjer seg godt når du skal kome deg gjennom områda i General Knoxx. Du må bruke mykje tid å å køyre langs vegar, og dette er mitt einaste skikkelege ankepunkt med denne pakka. Det er for mange vegar, for lange vegar, og det blir for mykje fram og tilbake. At du ikkje kan teleportere frå eitt av dei nye områda i General Knoxx til eit anna er ei skam. Når du berre skal levere inn nokre oppdrag blir det ganske irriterande å måtte køyre langs ein heil motorveg, hoppe ut av bilen ved ei vegsperring, gå i kamp, før du kan få tak i ei ny kjerra for å kome deg fram til destinasjonen din.

I starten kan du i tillegg banne på at motstanden vil bli brutal inntil du har klatra opp nokre nivå og utfordringa har stabilisert seg. Heldigvis for din del finn vi mange punkt der du kan skaffe ei ny kjerre, noko som kjem godt med sidan bilar toler ganske få antall rakettar.

Nye fiendar

The Secret Armory of General Knoxx kastar deg inn i knallharde konfrontasjonar med Crimson Lance, ein gjeng med godt armerte soldatar som gjere vil sjå deg blø. Desse kjem i mange variantar, og dei byr alle på sine utfordringar. Vi har enkle soldatar, soldatar med skjold, soldatar som flyg i lufta, og nokre irriterande legar som brukar kreftene sine for å kurere sine allierte sin visse død. Om det ikkje skulle vere nok kjem dei i nokre massive robotdrakter.

Alle desse fiendane gjer sitt for å hindre deg i å gjere framgang, men i motsetning til Mad Moxxi's Underdome, får du skikkeleg løn for strevet. Den mest umiddelbare kjem gjennom nokre sylindrar som gir deg midlertidige bonusar. Drep ein Crimson Lance og du kan ende opp med bonus på fart, styrke eller skjold. Å vere kjapp med å plukke opp desse kan bety forskjellen på liv og død, og du gjer klokt i å få dei med deg.

Ei mykje viktigare løn er dei nye våpna. Dei siste månadane har eg hatt eit veldig stort problem med Borderlands, og det er at alle nye våpen eg har funne har vore skit. På nivå 50 har eg sprunge rundt med våpen på nivå 40, og det kan bli lettare provoserande. I General Knoxx har dette endra seg fullstendig, og det er ei god kjensle å plukke opp våpen som er over ditt nivå i staden for under. Då veit du i alle fall at du har noko som ventar på deg, og det blir ein ekstra motivasjon. I tillegg til den du får gjennom å gladvald og sanking av erfaringspoeng sjølvsagt.

God variasjon

Sjølv om Crimson Lance blir ein viktig fiende, har spelet mykje meir å by på. Noko som blir veldig tydeleg er at variasjonen i denne pakke rivaliserer det vi finn i originalspelet utan ekstrainnhald. Du vil køyre langs vegar eller store område ein god del, men i tillegg til det finn vi mange andre utfordringar om det så skulle vere i eit fengsel eller langs eit provisorisk staffeli under i bru.

Noko som aldri slepp taket på deg er den fabelaktige humoren i spelet. Det kan vere alt frå General Knoxx som ber deg ta sjølvmord slik at han slepp bry seg med jobben, dvergar som kjem ridande på skags, eller nokre Crimson Lance-soldatar som messar om iskrem (!).

Spelet er stappa fullt av den herlege humoren som har prega Borderlands heile vegen. Forskjellen er at den er mykje meir framtredande no, og det er heilt tydeleg at Gearbox-gjengen har hatt det veldig moro medan dei laga denne utvidingspakka. Humoren er så smittsam at det som byrja som ei solid økt med beinhard krigføring, for meg og ein alliert utvikla seg til krampelatter og ein kamp for å få tilført kroppen nok oksygen gjennom frenetisk hiksting.

Konklusjon

Den siste utvidingspakka til Borderlands leverer langt over ti timar med eksplosiv og lattermild underhaldning. Med The Secret Armory of General Knoxx slår Gearbox veldig tydeleg fast at dei ikkje har gått tomme for idear, samt at den grunnideen som låg der frå starten framleis er ein vinnar. Det er litt for mykje bilkøyring, men det er samtidig det einaste som verkeleg plagar meg.

The Secret Armory of General Knoxx er stappfullt av nye våpen, nye fiendar, nye utfordringar, og veldig mykje god humor. Om du ikkje likar Borderlands treng du eit skrujern, for noko må fiksast. For alle andre finnest det inga god unnskyldning for å styre unna.

Borderlands: The Secret Armory of General Knoxx er ute no for PC, Xbox 360 (testa) og PlayStation 3.

Siste fra forsiden