Vi må vente enda litt lenger på The Witcher 3

Ny utsetjing for det etterlengta rollespelet.

CD Projekt RED

The Witcher 3: Wild Hunt blir ikkje ferdig i tide. Den planlagde lanseringsdatoen som skulle finne stad 24. februar neste år har vist seg å bli umogleg å få til. Det fortel CD Projekt Red i ei pressemelding i dag. Etter å ha sett over alt arbeidet som står igjen for å få spelet i skapeleg stand før det slepp ut til spelarane, har utviklarane funne ut at dei treng 12 veker til.

I eit ope brev til spelarane fortel CD Projekt Red at dei beklagar utsetjinga:

«De fortener ei unnskyldning. Vi sette sleppdataon for tidleg. Det er ein lærepenge for oss, og ein vi vil ta med oss vidare. Vi veit kva vi vil gjere for å få Wild Hunt til å bli eit av dei beste rollespela du nokonsinne vil få spele. Vi vil halde fram med å jobbe mot det målet. Vi beklagar, og ber om dykkar tillit.»

Tid for feiring?

Vil The Witcher 3: Wild Hunt bli eit av tidenes beste rollespel?

Om vi ser over spellandskapet dei siste månadane er tonane frå CD Projekt Red nokon heilt andre enn dei vi har sett frå andre utviklarar. Store selskap som Microsoft og Ubisoft har fått harde reaksjonar den siste tida for å ha slept spela sine i ei uferdig form. Assassin's Creed Unity var til dømes fullt av tekniske feil som både gjekk ut over spelbarheita, men og over grafikken der absurde grafiske feil raskt braut illusjonen.

Microsoft har på si side jobba i motbakke etter lanseringa av Halo: The Master Chief Collection. Sjølv om samlepakka byr på mange timar underhaldning i form av fire kampanjemodusar, har fleirspelarmodusen vore ustabil og for mange spelarar heilt ubrukeleg sidan det var vore vanskeleg å finne nokon å spele med.

Vi får tru utsetjinga av The Witcher 3: Wild Hunt gjev CD Projekt Red den tida dei treng for å unngå å hamne i liknande situasjonar.

Alt er heldigvis ikkje berre sorgen i The Witcher 3-land akkurat no. På fredag slapp CD Projekt Red ein flunkande ny trailer til spelet der dei avslørte at den kvithåra helten Geralt ikkje blir den einaste figuren du får ta kontroll over i spelet. Kven den andre spelbare karakteren er har ikkje utviklarane avslørt, men han eller ho er å finne i traileren, som du kan sjå nedanfor.

Siste fra forsiden