Vi må vente på Rohan

Den nye ekspansjonspakka til Lord of the Rings Online treng meir tid.

Etter at The Lord of the Rings Online som eit av dei første MMO-spela på marknaden blei gratis å spele i 2010, har spelet sett ein solid oppsving. Snart er utviklarane hos Turbine klare med ei ny ekspansjonspakke for å slukke tørsten til Tolkien-fantastane. I denne får vi kaste oss opp på hesteryggen for å slå følgje med ryttarane frå Rohan. Samtidig blir det høgste erfaringsnivået auka til 85.

Dei som har venta på denne ekspansjonen må derimot smørje seg med litt meir tolmod, kan VG247 fortelje.

– Gjennom det svært vellukka betaprogrammet har vi hatt ein av dei største og mest aktive spelarbasane sidan Moria. Mengda og kvaliteten på tilbakemeldingane vi har fått har vore fantastiske, fortel Kate Paiz, produsent for The Lord of the Rings Online.

– Takka vere den flotte innsatsen til betaspelarane har vi funne nokre problem vi meiner må handterast før vi kan lansere. For å få ordna desse problema, og møte kvalitetsforventninga våre vil vi trenge meir tid.

Skjermbilete frå The Lord of the Rings Online: Riders of Rohan.
Skjermbilete frå The Lord of the Rings Online: Riders of Rohan.

Ekspansjonen har blitt utsett til 15. oktober, men om du er ein av dei som allereie har betalt for moro med ryttarane frå Rohan kjem Turbine med eit plaster på såret i form av 500 Turbine-poeng samt ein gåvesekk med ting du kan bruke i spelet.

Desse gåvene blir tilgjengelege for alle med ein aktiv konto som har kjøpt Riders of Rohan før 5. september. I gåvesekken finn vi gjenstandar som blant anna gjev deg meir erfaring, betre forsvar, og ikkje minst høgre fart på den flotte, nye hesten din.

Les også: Anmeldelse: Star Wars: The Old Republic
Les også: Anmeldelse: The Secret World

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen