– Vi skal hente det beste frå Xcom og Jagged Alliance

ArmA-studioet skryt av sitt nye spel til Nvidia Project Shield.

På CES-messa ved starten av nyåret kom Nvidia med ei veldig uventa kunngjering. Dei ville kaste seg inn på den portable konsollmarknaden med Project Shield. Dette er ein liten Android-basert konsoll som best kan skildrast som ein tradisjonell handkontroll med ein påmontert skjerm. Maskina køyrer på Tegra 4, og vil såleis kunne diske opp med grafikk hakket over kva vi kan vente oss frå dei fleste mobile plattformer.

I dag har ArmA- og DayZ-utviklarane Bohemia Interactive kunngjort si støtte til den nye konsollen. I ei pressemelding fortel dei om det nye spelet Arma Tactics. Dette blir eit turbasert krigsspel med fokus på tette kampar. Du styrer eit lag på fire soldatar gjennom det Bohemia kallar eit opent scenario. Etter kvart som du sigrar over fiendane dine kan du oppgradere soldatane dine med nye eigenskapar og våpen.

Tradisjonell taktikk i Arma Tactics.
Tradisjonell taktikk i Arma Tactics.

Spelet vil by på både oppdrag med historie og planlagde mål, samt oppdrag med tilfeldig genererte mål. Korleis du løyser dei ulike oppdraga skal vere heilt opp til deg. Med eit mylder av måtar å handtere ulike situasjonar på, seier Bohemia at dei hentar det beste frå spel som Jagged Alliance og XCOM.

Arma Tactics vil støtte Project Shield sin teknologi for å la deg kople konsollen til ein TV-skjerm medan du spelar. Dette skal gi publikum eit anna perspektiv i forhold til kva spelaren sjølv ser, utan at Bohemia går meir i detalj på kvifor nokon skulle ville vere publikum til taktiske kampar i staden for å delta sjølv.

Spelet vil bli eit av lanseringsspela til Project Shield ein gong i løpet av andre kvartal i år. Sjølv om Project Shield førebels er den einaste plattforma for Arma Tactics utelukkar ikkje Bohemia at spelet vil dukke på andre plattformer seinare.

Les også: ArmA-utviklarar ute av fengsel
Les også: – Får lage det DayZ-spillet vi drømte om

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen