Vikingane er klare til angrep

Svenske War of the Vikings har fått dato.

Sjølv om nordisk historie burde by på mykje inspirasjon for spelutviklarar, er det ikkje mange spel som bryner seg på vikingtida. Difor passar det godt at Paradox i dag har sendt ut ei pressemelding der dei fortel at vikingspelet War of the Vikings no har fått lanseringsdato. Frå og med 15. april kan du huke tak i den fulle versjonen av spelet som let deg velje mellom å spele beinhard viking eller ein sakser frå dei britiske øyene.

Spelet som har vore tilgjengeleg på Steam Early Access i nokre månader lar heile 64 spelarar braka saman i massive slag der spelarane får bruke autentiske våpen som sverd, spyd og boge i diverse område inspirerte av vikinghistoria.

Bygg din eigen viking

Korleis taklar du rolla som viking?

I spelet får du skru saman vikingen din nøyaktig slik det passar deg. Du får velje korleis han skal sjå ut, kva han skal gå kledd i, og kva våpen han skal bruke. Kampane skjer i tredjeperson, og spelet fokuserer meir på at du veit kva du driv med, enn kor sterk du skulle vere.

War of the Vikings er utvikla av svenske Fatshark. Dei har tidlegare skrudd saman middelalderspeler War of the Roses, eit spel som fekk særs god mottaking hos oss.

«War of the Roses er på mange måtar eit Battlefield/Call of Duty i middelalderen. Det er openbart at utviklarane har laete seg inspirere av fungerande brukargrensesnitt og funksjonar, samtidig som dei har vore lojale mot tidsperioden vi er i. Nærkampslåssing kjennest veldig realistisk, er krevjande og tilfredsstillande, sjølv om det kan vere litt kronglete, spesielt i ei kaotisk setting med 64 spelarar. Det er uansett blant det beste eg har vore borti i eit slikt spel.»

Paradox vil informere om nye funksjonar og nytt innhald via Twitch klokka 20.00 norsk tid i kveld. Om du vil sjå denne presentasjonen kan du ta turen vidare til Paradox sin Twitch-kanal.

Om War of the Vikings ikkje er heilt det vikingspelet du har venta på, kan det strategiske rollespelet The Banner Saga, eller Creative Assemblys Viking: Battle for Asgard vere verdt ein kikk.

Siste fra forsiden