Vikingfunk har fått dato

Sprelske Soul Fjord landar på Ouya i slutten av månaden.

På vårparten i fjor kunne Airtight Games – studioet bak Dark Void, Quantum Conundrum og det komande drapsmysteriet Murdered: Soul Suspect – fortelje at dei ville lage eit spel eksklusivt for Android-konsollen Ouya. Spelet heiter Soul Fjord og kjem frå Portal-designer Kim Swift.

Spelet sender deg ut på grottekravling i tilfeldig samansette område i rolla som den barske afro amerikanske vikingen Magnus Jones. Om dette høyrest noko spesielt ut passar det godt å nemne at spelet byr på eit rytmebasert kampsystem der vikinginspirert funkmusikk signert Journey- og The Banner Saga-komponist Austin Wintroy sig ut frå høgtalarane.

Funky januar

Vikingjam i Yggdrasil.

I ei pressemelding i dag har Airtight Games informert om at Soul Fjord blir lansert på Ouya 28. januar. Spelet vil vere gratis, men vil la deg bruke pengar i spelet om du skulle merke kallet. Kva du vil kunne bruke pengane på seier ikkje utviklarane noko om.

Soul Fjord byrjar med at hovudpersonen Magnus Jones døyr i kamp. Dette sender han som vikingar flest til Valhall. I Soul Fjord er Valhall den hippaste klubben i Yggdrasil, men Magnus Jones står ikkje på gjestelista, og er difor ikkje invitert til Ragnarok; festen som vil gjere slutt på verda.

Det som følgjer er eit eventyr der Magnus Jones må kjempe seg oppover verdstreet slik at han kan vise at han er den barskaste vikingen i byen. Ved sidan av å kunngjere lanseringsdatoen for spelet, har Airtight Games lagt ut ein video som fortel oss litt om musikken og det rytmebaserte kampsystemet. Den kan sjåast nedanfor artikkelen.

Er du usikker på om Ouya er noko du bør ha? Ta ein kikk på våre erfaringar med Android-konsollen.

Siste fra forsiden