Vikingraid til Steam

På solid overtid kjem Viking: Battle for Asgard omsider til PC.

Hugsar du Viking: Battle for Asgard? I dette actionspelet sterkt inspirert av norrøn mytologi trakk du på deg lærskoa til vikingen Skarin. Ditt tokt var å kjempe for gudinna Frøya i ein bitter strid mot den sinte gudinna Hel. Å hakke laus på fiendane dine var derimot ikkje nok.

Ganske uventa kan VG247 i dag fortelje at spelet er på veg til PC for første gong. I si tid var det eksklusivt for PlayStation 3 og Xbox 360. Sjølv om det har teke nokre år, kan det sjå ut til at vi får eit lite plaster på liggjesåret sidan spelet vil få ei grafisk oppgradering. Kor omfattande der vitast ikkje. Vi har fått eit enkelt skjermbilete, men det er ikkje så frykteleg avslørande.

I ei noko unik blanding av action og strategi måtte du i Viking: Battle for Asgard samle inn store hærer ved å sleppe fangar fri frå Hel sine klør før du kunne gå til angrep på fiendane. Du vandra frå område til område på jakt etter vikingar som kunne støtte kampen din, og ved dei store høgdepunkta gjekk du til angrep på store leirar og borger.

Første skjermbilete frå PC-versjonen av Viking: Battle for Asgard.
Første skjermbilete frå PC-versjonen av Viking: Battle for Asgard.

Der kunne du ikkje berre få dragar til å spy eld over fiendar, men i tillegg storme hæra di framover og krasje med fiendane i store slag. Sjølv om spelet hadde sine skavankar her og der, var det eit godt stykke arbeid som stod til ein solid sjuar på skalaen:

«Om det er brutalitet og litt norrøn mytologi du er på jakt etter, får du i pose og sekk med Viking: Battle for Asgard. Det er eit engasjerande eventyr som let deg springe fritt utan å nokon gong miste retningssansen. Kampane er engasjerande og velgjorte, og gjer dei store slaga du får oppleve til stor underhaldning. Det sluttar aldri å underhalde, og gir deg mange timar med rå vald.»

Viking: Battle for Asgard vil bli tilgjengeleg på Steam i løpet av neste veke.

Les også: Anmeldelse: Total War: Shogun 2: Fall of the Samurai
Les også: Tilbake til romertiden i Total War: Rome II

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen