Vikingtokt og strategi frå Sverige

Paradox byr på rollespel og eit nytt kapittel i Hearts of Iron-serien.

Sjølv om vi den siste tida har sett ein ørliten oppsving for vikingane med spel som The Banner Saga og det norske tårforsvarspelet Troll mot Vikinger, er du ikkje aleine om du meiner det er alt for få ekte vikingbaserte spel på marknaden. Våre svenske naboar hos Paradox har tatt på seg ansvaret med å lage eit vikingspel vi alle kan vere stolte av, og har i ei pressemelding i kveld kunngjort rollespelet Runemaster.

I dette spelet tek du på deg rolla som ein helt frå ei kaotisk tid i vikinghistoria. Spelet hentar mykje inspirasjon frå norrøn mytologi, og du vil kunne reise mellom seks forskjellige verder medan du krigar mot utyske og byggjer opp karakteren din.

Utviklarane hos Paradox Development Studio lovar eit spel som vil by på nye utfordringar kvar gong du spelar. Landområda er prodesdyrisk bygde opp, og vil såleis by på noko heilt nytt kvar gong. I tillegg lovar utviklarane taktiske kampar der du får kommandere fleire krigarar, samt at du kan definere helten din etter kva val du gjer.

Tilbake til andre verdskrig

Som om det ikkje var nok å bryne seg på eit omfattande rollespel har Paradox i tillegg kunngjort Hearts of Iron IV. Denne oppfølgjaren til den populære strategiserien vil la deg oppleve andre verdskrig enten frå auga til ei global supermakt, eller som ein liten nasjon som prøvar å overleve.

Vidare lovar utviklarane autentiske kampar både på landjorda, til sjøs og blant skyene. Du vil kunne ta i bruk ei rekke ulike våpen, inkludert masseøydeleggingsvåpen.

Ut av produktbileta Paradox har sendt med pressemeldinga ser det i skrivande stund ut til at begge spela berre er kunngjorde for Windows. Noko lanseringstidspunkt har ikkje Paradox sagt noko om.

Du kan sjå dei første korte trailerane frå begge spela nedanfor artikkelen.

Om du er på jakt etter litt strategi å fylle dagane med, kan Alpha Centauri-inspirerte Pandora: First Contact kanksje vere av interesse.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen