EA vil la deg abonnere på spela sine for 30 kr / mnd

Ny pakke for Xbox One gjer deg tilgang til spel som Battlefield og FIFA 14.

EA

Etter kvart som den digitale kvardagen har tatt over, har fleire og fleire aktørar prøvd seg på å etablere nye forretningsmodellar for å profitere i ein marknad i stadig endring. Både musikk og film har i stor grad gått frå den gamle handelen over disk til fordel for strømmetenester som Spotify og Netflix, og spelverda er ikkje nødvendigvis langt unna ein liknande kvardag.

Sony har gjort det godt med sitt PS Plus-abbonement der du får tilgang på ei rekke spel utan ekstra kostnader, og akkurat dette er noko giganten EA no vil prøve seg på. I går kveld norsk tid avslørte dei sitt eige abonnementsprogram EA Access.

Med dette Xbox One-eksklusive tilbodet vil du ved å betale ein fast månadspris, eller ein årspris, få fri tilgang på spel frå det EA kallar The Vault. I tillegg vil du få 10 % avslag på nye titlar om du lastar dei ned, samt 10 % på andre medlemstenester som til dømes Battlefield 4 Premium.

Vaksande bibliotek

Snart kan du velje å betale månadspris for å spele FIFA.

Innleiingsvis vil berre fire titlar vere tilgjengelege i The Vault. Desse er FIFA 14, Madden NFL 25, Peggle 2 og Battlefield 4, men EA fortel at fleire titlar vil bli tilgjengelege snart. Av nye titlar du vil kunne kjøpe med avslag i prisen finn vi Madden NFL 15, NHL 15, FIFA 15, NBA LIVE 15 og Dragon Age: Inquisition.

I tillegg til å gi deg avslag i prisen på nye spel, vil EA Access-abonnentar få spele tidslåste demoar av desse spela opp til fem dagar før lansering. Du vil kunne ta med deg all framgang du gjer i løpet av denne prøveperioden inn i det fulle spelet, om du skulle bestemme deg for å kjøpe det.

EA Access vil ikkje bli lansert i Noreg i første pulje, og vi må sjå oss nøydde til å stille oss i kø bak større nasjonar som USA, Storbrittannia og Tyskland. Kva EA Access vil koste når det omsider blir tilgjengeleg her til lands er difor vanskeleg å seie. Prisen i USA ersatt til 4,99 dollar per månad, eller 29,99 dollar per år. Ein beta for tenesta rullar ut i desse dagar.

Kva synest du om EA Access? Tilbyr EA nok for å freiste deg til eit abonnement?

Siste fra forsiden