Vil du bli helt eller tjuvradd?

Quest for Glory-skaparane kastar seg på Kickstarter-bølgja.

Folkefinansieringsmodellen Kickstarter tok av for spelindustrien tidlegare i år. Double Fine nådde enorm suksess for sitt prosjekt, og i ettertida har vi sett fleire suksessar og eit par nedturar. Vi har ikkje sett mange ferdigstilte spel enno, men det hindrar ikkje fleire respekterte og erfarne utviklarar frå å prøve seg.

Siste par ut er Corey og Lori Cole. Om desse namna ikkje ringer nokon bjølle kan kanskje namn som Quest for Glory of Castle of Dr. Brain gjere det i staden. Quest for Glory var saman med King's Quest og Police Quest ein av dei populære eventyrseriane til den avdøde eventyrgiganten Sierra.

No er ekteparet tilbake igjen. Dei tyr til Kickstarter fordi «utgjevarane ikkje er interesserte, og trur spelarane berre vil ha skytespel og sosiale spel». Prosjektet deira har fått namnet Hero-U: Rogue to Redemption, og kastar deg inn i rolla som Shawn O'Conner, ein uheldig tjuv som blir fakka midtvegs i gjerninga, og blir tvinga til å gå på helteuniversitetet for å få skikk på seg.

Hero U vil på mange måtar bli eit tradisjonelt rollespel. Du reiser ned i katakombane under skulen for å kjempe mot utyska som finnest der. Du vil sjå alt dette ovanfrå medan du utryddar fiendane gjennom eit turbasert kampsystem som tvingar deg til å balansere mellom sterke og tidkrevjande angrep, og kjappe og svake. I tillegg kan du bruke ulike eigenskapar som å dirke låsar og setje feller medan du utforskar dei mørke områda.

Dette er derimot berre den eine halvdelen av spelet. Den andre skjer på universitetet der både lærarar og medelevar gjerne vil sjå deg feile hardt. Her må du navigere deg gjennom dialogar som kan ha stor innverknad på historia, og personar som har sine eigne agendar for alt dei gjer. Avhengig av korleis du spelar kan du bli ein nobel helt eller slibrig tjuvradd. Utover dette lovar Corey og Lori Cole at spelet vil by på mange tankenøter og gåter i god eventyrstil.

Hero U: Rogue to Redemption skal etter planen bli tilgjengeleg i løpet av hausten 2013, men vil ikkje bli slept laus før utviklarane er heilt sikre på at kvaliteten er akkurat der den skal vere.

Les også: Carmageddon tok Kickstarter med storm
Les også: Kickstarter takker Double Fine

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen