Vil du lage oppfølgjar til gamle Eidos-spel?

Square Enix lar utviklarar prøve seg på Gex, Fear Effect og rollespelet Anachronox.

For omlag eit år sidan starta Square Enix opp folkefinansieringsinitiativet Square Enix Collective. Der ville dei hjelpe indieutviklarar med å pitche ideane sine før folk fekk stemme over kva spel som såg interessante ut. Dei spela som fekk nok stemmer ville bli lanserte på folkefinansieringssider som Kickstarter. Square Enix vil på si side hjelpe til med promotering, og godt mogleg distribusjon om spelet skulle vere lovande nok.

Kva sjanger kan Gex passe inn i?

Noko av det mest spanande Square Enix hadde å fortelje då dei lanserte Collective var at dei etter kvart ville gjere gamle titlar frå sin eigen katalog tilgjengelege for håpefulle utviklarar. Dei første titlane som ville bli tilgjengelege blei sagt å vere plattformserien om den grøne firfisla Gex, action-eventyr-serien Fear Effect, samt rollespelet Anachronox.

Gamle klassikarar i ny drakt?

Anachronox var eit vestlege rollespel sterkt inspirert av sine japanske slektningar.

Eit år er gått, og no har omsider Square Enix gjort desse titlane tilgjengelege for utviklarar. Om du er ein av dei som gjerne vil bryne deg på gamle klassikarar vil du ikkje ha like frie tøyler som om du skulle skape ditt eige prosjekt frå grunnen av. Square Enix vil ha siste ord for å sørgje for at dei nye ideane er relevante for serien, og dei vil i tillegg ta ein litt større bit av kaka om spelet skulle kom i sal.

Utover det står utviklarar ganske fritt, og kan kome med heilt nye tolkingar på dei gamle seriane, til dømes ved å ta dei inn i heilt nye sjangrar.

Så langt har Square Enix Collective berre tre suksesshistorier å vise til. Den første var det piksellerte actioneventyret Moon Hunters, det andre var det sideskrollande plattformspelet Black the Fall, og no sist det dystre peik og klikk-eventyret Goetia.

Siste fra forsiden