Vil du prøve deg som diktator igjen?

Kalypso jaktar betatestarar for sydhavsdiktatorspelet Tropico 5.

Opp gjennom åra har vi sett eit mylder av strategispel der du hovudsakleg skal få ei bedrift eller eit samfunn til å gå rundt. Nokre spel lar oss drive transportbyrå som i Transport Tycoon, for mange herrens år sidan fekk vi byggje Pizza-restaurant i Pizza Tycoon, og gode, gamle Bullfrog fekk mykje ros for sitt Theme Hospital. Eventuelt skal du byggje heile byar slik som i SimCity.

Kalypso har sin eigen vri på dette konseptet med Tropico-serien. I desse strategispela får vi ta på oss rolla som ein diktator i ein bananrepublikk. Kor vidt ein vil vere ein snill diktator eller ein sjølvgod gjerrigknark er naturlegvis opp til spelaren.

Snart klart for beta

Kva slags diktator er du?
Kva slags diktator er du?

Om du er utolmodig og ikkje klarar å vente på det neste spelet i serien har Kalypso gode nyhende til deg. Via Eurogamer får vi vite at du no kan melde deg på ein lukka betatest gjennom spelets nettsider. Kalypso er først og fremst på jakt etter spelarar som har erfaring og stor entusiasme for bybyggingssjangeren.

Betatesten vil gå av stabelen i mars, før det fulle spelet ventast å vere lanseringsklart i løpet av årets andre kvartal.

Det har gått nesten tre år sidan sist vi fekk besøke Kalypsos bananrepublikk. Tropico 4 fekk god mottaking av oss, og fekk sju av ti poeng på skalaen.

Når Tropico 5 omsider blir tilgjengeleg kan det spelast på Windows-maskiner, Linux, Mac, Xbox 360 og PlayStation 4.

Om du treng litt tycoon-hygge medan du ventar, kan du sjekke ut romtycoon-spelet Spacebase DF-9 som Double Fine lanserte i fjor haust.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen