Vil du spele Final Fantasy XIV på PlayStation 4?

Snart opnar Square Enix betaslusene på Sonys ferske konsoll.

Om du rugar på ein PlayStation 4 og ikkje heilt veit kva du skal bruke den til, vil du få tilgang på eit solid tidssluk 22. februar. Då startar Square Enix betaperioden for Final Fantasy XIV: A Realm Reborn på PlayStation 4. Det fortel Square Enix i ei pressemelding i dag.

Betaen blir open for alle som vil, og alt du treng gjere for å bli med på tur i Eorzea er å laste ned klienten frå PlayStation Store. Den første betafasen vil vare frå 22. februar til 3. mars. Deretter vil alle karakterdata bli sletta, før ein ny test går i gang 4. april, og varar til 7. april. Framgangen din i fase to vil du kunne ta med deg vidare til det fulle spelet som lanserast 14. april.

Får nye funksjonar

MEd Remote Play låse ikkje Final Fantasy XIV: A Realm Reborn deg til sofaen.

PlayStation 4-versjonen av Final Fantasy MMO-et vil ta i bruk fleire av PlayStation 4s unike funksjonar. Du vil kunne spele det via PS Vita Remote Play, og dele framgangen din via delingsfunksjonen til konsollen. I tillegg støttar spelet både trykkflata på Dualshock 4-kontrollaren, samt tastatur og mus.

Dei som har spelt Final Fantasy XIV: A Realm Reborn på PlayStation 3 vil kunne overføre kontoen sin til PlayStation 4 frå og med 11. april utan ekstra kostnadar, men om du vil halde moglegheita open for å spele på både PlayStation 3 og PlayStation 4 må du ha to kopiar av spelet.

Vår vurdering av Final Fantasy XIV: A Realm Reborn var ikkje utelukkande positiv. Det var mange solide system på plass, men vår mann meinte spelet bydde på for lite nytt, og gav det seks av ti poeng:

«Final Fantasy XIV: A Realm Reborn er ikkje eit spel som gjer veldig mykje nytt i denne sjangeren. Utviklaren har spelt på det sikre, og det er lite i her som ikkej er utprøvd allereie. Kampsystemet er sikkert, og fungerar veldig godt. Det kan likevel bli litt vel statisk i lengda. Då hjelp det at ein har eit drøss av ulike eigenskapar og angrep å bruke, slik at ein fint greier å finne sin eigen, personlege spelestil.»

Final Fantasy XIV: A Realm Reborn kjem i sal for PlayStation 4 14. april. Det blei lansert for PC og PlayStation 3 27. august.

Om du er på jakt etter eit nytt MMO å bruke tida på er det ikkje lenge til The Elder Scrolls Online opnar dørene.

Siste fra forsiden