Vil du styre eit vertshus i ei fantasyverd?

Tavern Keeper er det neste spelet til Game Dev Tycoon-studioet.

Greenheart Games

Greenheart Games, studioet bak populære Game Dev Tycoon, har avslørt sitt neste spel. Utviklarane held seg til det dei kan, og skal ha deg til å styre ei ny bedrift, men settinga er svært ulike frå Game Dev Tycoon.

I Tavern Keeper skal du, som namnet kanskje avslører, styre eit vertshus. Dette blir derimot ikkje eit typisk vertshus, men i staden eit vertshus i ei fantasyverd full av alvar, dvergar og orkar. Som innehavar av eit vertshus i ei slik verd må du sørgje for at erfaringshungrige heltar har ein stad å slappe av mellom henteoppdraga.

Bygg eit vertshus

Sumpa, den ideelle staden for eit livleg vertshus.
Greenheart Games

Utfordringane vil stå i kø for ein fersk vertshussjef. Du må byggje kroa slik at folk og fe vil kome dit, hyre servitørar og kokkar, og sørgje for å tilby ein spanande meny slik at fleire gjestar blir freista til å ta turen. Utviklarane fortel at det typiske forholdet mellom bartender og gjest er ein glimrande sjanse til å fortelje historier som elles ikkje blir utforska i sim-spel.

Greenheart Games har allereie jobba med Tavern Keeper i to år, men spelet er likevel eit godt stykke unna lansering. På den offisielle nettstaden kan vi sjå at målet er å gå ut i open betatest i 2018.

Det ser med andre ord ut til at vi må vente ei god stund før vi får finne ut kor vanskeleg det er å styre eit vertshus i fantasland.

Siste fra forsiden