Vil du styre vondskapens høgborg?

Dungeon Keeper-inspirerte Dungeons 2 lanserast snart.

Dungeons 2 er eit strategispel der du i rolla som Dungeon Lord skal byggje deg eit underjordisk rike du fyller med monster i alle storleikar. Som i eit kvart spel i denne sjangeren må du sørgje for å ha ei rekke fasilitetar på plass slik at beista trivst under vondskapen din.

Om dette høyrest veldig kjent ut er det ikkje overraskande. Dungeons 2 er eit spel sterkt inspirert av klassiske Dungeon Keeper, og satsar på å blande vondskap med svart humor og taktisk planlegging. I motsetning til Dungeon Keeper får du i Dungons 2 sjansen til å ta turne opp på landjorda for å rasere heimane til dei som bur der.

I ei pressemelding fortel utgjevarane hos Kalypso at Dungeons 2 vil bli lansert 24. april for Windows, Mac og Linux.

Jakta på det vonde

Dungeons 2 lar deg herje både over og under landjorda.

Vi var ikkje heilt imponerte då vi spelte det første Dungeons-spelet i 2011. Marius meinte det heile framstod som eit spel skapt frå gode idear, men der kunsten å skape underhaldande spelmekanikkar uteblei:

«Dungeons framstår som grei tidtrøyte for ein regnfull torsdagskveld, men spelet har på ingen måte klart å leve opp til sin mykje eldre storebror. Med mindre du er særs opptatt av grafikk så vil eg heller anbefale at du rotar fram ein gammal kopi av Dungeon Keeper. Det har mykje som Dungeons ikkje har, og er framleis ubestridt overherre av denne subsjangeren.»

Om Dungeons 2 ikkje skulle makte å levere varene, finnest det alternativ. Sjølv om denne sjangeren har sett ei rekke skuffande spel, som til dømes A Game of Dwarves og Impire, har vi i alle fall eitt svært lovande spel i vente. Dungeon Keeper-hyllesten War for the Overworld satsar på å bli ein andeleg oppfølgjar til Dungeon Keeper, og skal etter planen lanserast i april.

Dungeon Keeper sjølv har sett betre tider. I fjor lanserte EA eit nytt mobilspel i serien som var så hårreisande tynga ned av mikrotransaksjonar at til og med Dungeon Keeper-skaparen Peter Molyneux kom på bana for å fortelje folk kor latterleg det heile var.

Siste fra forsiden