Vil grave opp tidenes dårlegaste spel

Filmteam vil finne ut om E.T. verkeleg blei dumpa i audemarka.

Diskusjonar rundt kva spel som er gode og dårlege går heile tida, men nokre spel er så dårlege at ein kvar diskusjon blir meiningslaust vrøvl. E.T. basert på filmen med same namn frå 1982 er eit slikt spel. Det var så dårleg at fleire millionar kopiar blei gravlage på ei søppelfylling i 1983.

Det er i alle fall det historiene som etter kvart har blitt ei legende seier. No vil det kanadiske filmteamet Fuse Industries finne ut om dette er sant, og har søkt søppefyllingas heimby Alamogordo i New Mexico om løyve til å grave opp spela.

Løyvet har dei fått, og med det er det klart for ein solid tur tilbake i historia, fortel radiostasjonen krqe.com frå New Mexico, via Eurogamer.

Slik såg makkverket ut.

Tidklemme blei katastrofe

E.T.-spelet blei i si tid laga av Howard Scott Warshaw over berre fem veker. Han fekk så lite tid til å lage spelet grunna langvarige lisensforhandlingar. Den korte utviklingsperioden var ingen medhjelpar i å auke kvalitetsnivået. I spelet var målet ditt å samle bitar slik at E.T. kunne byggje ein telefon han kunne ringe heim med. Dette enkle konseptet var derimot så vanskeleg i praksis at folk ikkje klarte å spele det. Spelet blei med det returnert i hopetal, og utgjevaren Atari visste ikkje kva dei skulle gjere med alle kopiane sine.

Herifrå kjem historia om at heile ni semitrailerar med spel blei sendt til ei søppelfylling. Spela blei knuste opp og gravlagde under eit solid lag med betong.

Det er verdt å nemne at heile spelindustrien praktisk talt kollapsa i 1983 etter katastrofelanseringa av E.T.. Mange meiner E.T. var ein solid bidragsytar til denne kollapsen.

Kor vidt historia verkeleg stemmer eller ikkje vil vi snart finne ut, sidan Fuse Industries har fått seks månader på seg før jobben deira må vere ferdig. Når arbeidet med å grave opp spela vil gå i gong er førebels ikkje kjent.

Les også: Atari selger seriene sine Les også: Historien bak atari 2600, del 1

Siste fra forsiden