Vil Plants vs. Zombies invadere PlayStation?

Ferske twittermeldingar dyttar planter og zombier inn i kjende PlayStation-spel.

Plants vs. Zombies-serien til PopCap har hausta enorm popularitet. Frå starten med tårnforsvarspelet der du ved å plante ulike blomar og frø skulle halde tilbake stadig røffare bølgjer med vandrande lik, har serien utvikla seg til å bli eit vaskekte skytespel på Xbox One og Xbox 360.

No ser det ut til at hagekrigserien er i ferd med å utvikle seg vidare. I nokre Twittermledingar EA har lagt ut i løpet av dagen får vi sjå Plants vs. Zombies-universet spleisa med kjende ikon frå PlayStation-biblioteket. Det første biletet EA tvitra viste ei plante med hatten til Sly Cooper, og fortalde oss at det er tid for ei kunngjering. Det andre biletet var presentert som om plantene hadde invadert Fat Princess, medan det tredje har putta zombier inn i Ratchet & Clank-universet.

Kva skal no dette bety?
Kva skal no dette bety?

Det ser altså ut til at EA vil dytte kjende og kjære PlayStation-ikon inn i Plants vs. Zombies-universet, men på kva måte er så langt ei gåte. Alle bileta har hatt undertittelen «skytespela blei nett rare», noko som om ikkje meir fortel oss at vi har med eit skytespel å gjere.

Plants vs. Zombies-serien tok steget ut frå sine todimensjonale røter tidlegare i år då fleirspelarskytaren Plants vs. Zombies: Garden Warfare blei lansert for Xbox One og Xbox 360. Om det tilsynelatande ferske samarbeidsprosjektet mellom Sony og EA vil byggje vidare på det spelet vil tida vise. Vi skal ikkje sjå bort frå at dette er eit heilt nytt konsept, men det er godt mogleg det er ein ny versjon av Garden Warfare, med Sony-heltar inkludert i pakka.

Sony har prøvd seg på å lage eit samansurium av PlayStation-heltar før, i slåssespelet PlayStation All-Stars Battle Royale.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen