Vil utforske psykose i nytt actionspel

Ninja Theorys Hellblade vil gå alvorlege tema i møte.

Britiske Ninja Theory er best kjende for å stå bak storproduksjonar som Heavenly Sword og DmC: Devil May Cry. Akkurat no er dei gong med eit heilt anna prosjekt på eigne bein, men med mål om å skape eit spel like ambisiøst som om dei skulle ha ein stor utgjevar i ryggen.

Spelet dei jobbar med no heiter Hellblade. Det er i likskap med andre Ninja Theory-spel eit actionspel, og vi følgjer den keltiske krigaren Senua som har blitt traumatisert etter eit vikingangrep.

Set lys på mental sjukdom

Senuas mentale tilstand vrir fiendane til bli demonar.

I ei fersk pressemelding fortel Ninja Theory meir om filosofien bak spelet, og korleis dei har eit mål om å takle alvorlege mentale lidingar. Dei har fått støtte frå organisasjonen Wellcome Trust som jobbar for betre forståing for mentale lidingar.

I tillegg har dei hyra inn professor Paul Fletcher ved Cambridge-universitetet til å vere rådgjevar ved utviklinga. Fletcher fortel i pressemeldinga at han meiner spel kan vere svært viktige hjelpemiddel for å auke forståinga for mentale lidingar:

«Å jobbe med Ninja Theory har vist meg potensialet spel har for å ta del i figurane sine opplevingar, og for å byggje empati på måtar som overgår dei akademiske skildringar kan tilby. Kanskje kan denne tilnærminga bidra til nye måtar å bekjempe stigmatisering på.»

I Hellblade er Senua i ei psykotisk tilstand, og i løpet av spelet vil vi gå lengre og lengre inn i psykosen hennar. Den vil utarte seg på fleire måtar som til dømes stemmer i hovudet hennar og hallusinasjonar. I møte med fiendar vil fleire sider av hennar person bli ein del av kampsystemet.

Hellblade er framleis svært tidleg i utviklinga. Ninja Theory har valt å vere opne om utviklingsprosessen for å gje folk eit innblikk i korleis eit spel som dette blir til. Periodisk legg dei ut nye utviklardagbøker. Den nyaste snakkar om spelets fokus på mental sjukdom, og den kan du sjå nedanfor. Spelet blir utviklar for PC og PlayStation 4. Nokon lanseringsdato er ikkje kjent.

Siste fra forsiden