Villmarkseventyr lanserast snart

Den vakre gaupesimulatoren Shelter 2 har fått lanseringsdato.

I unike Shelter frå 2013 skulle du gjere noko ganske anna enn kva du stort sett gjer i spel. I staden for å skyte deg veg gjennom strabasane tok du på deg rolla som ei grevlingmor som måtte ta vare på ungane sine for ein kvar pris. Med eit herleg lydspor og ein svært spesiell visuell stil blei det ei minnerik oppleving.

For omlag eit år sidan blei det kjent at ein langt meir ambisiøs oppfølgjar er på veg. I denne skal du ikkje lenger spele grevling, men i staden ta på deg rolla som ei gaupemor. Utover det er målet i spelet mykje det same som i det første spelet.

I ei pressemelding måndag avslører dei svenske utviklarane i Might & Delight at spelet snart er ferdig, og at det vil bli lansert for Windows 9. mars på diverse digitale butikkar.

Større og meir utfordrande

Gaupemor på vandring.
Gaupemor på vandring. Bilde: Might & Delight

Shelter 2 startar med at du må gjere deg klar for at ungane dine skal fødast. Det inneber blant anna å byggje seg eit hi dei kan vere trygge i etter fødselen. Etter kvart som ungane veks opp må du jakte for å skaffe dei mat, og passe på at dei er trygge for dei mange farane som skjuler seg i villmarka.

Verda i Shelter 2 vil bli langt større enn i det førre spelet, og du vil etter kvart måtte takle mange utfordringar. Du må lære ei rekke teknikkar for å jakte mat til familien din, og du må sørgje for at ungane får i seg nok vatn, og ikkje vandrar for langt frå hiet.

 

 

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen