Anmeldelse

Virtua Fighter 5

Virtua Fighter-serien er kanskje ikkje det mest kjende slåssespelet i landet vårt. Det kan det raskt bli ein slutt på.

Eg ville ikkje ha kome langt i ei Virtua Fighter 5-turnering. Eg vil ikkje prøve å innbille nokon at eg er verdsmester i alle spel eg tar i, nokre spel kan du nyte så snart du puttar disken i maskina, andre må du gi tid. Virtua Fighter 5 er eit av desse sistnemnde. Om du skal få fullt utbytte av dette spelet, er det ikkje nok å slenge seg ned på sofaen for å så i hjel nokre timar. Skal du bli god i eit slåssespel er det ikkje nok å setje seg ned nokre kveldar. Du må gå inn for det, vie livet ditt til det, og slik sett er det vanskeleg å gi ei vurdering som passar for alle. Dei som kjøper ein PlayStation 3 kun for Virtua Fighter 5, har heilt andre forutsetningar for å like det, enn dei som ser spelet stå i hylla og lurer på om det er noko for dei.

Det er ingen tvil om at spel som Tekken, Soul Calibur og Dead or Alive har større masseappell enn Virtua Fighter. Desse seriane er dei litt meir kommersielle og ekstravagante i søskenflokken, medan Virtua Fighter held seg litt meir i bakgrunnen utan at det tilseier mangel på sjøltillit. Virtua Fighter sel seg ikkje på puppar og lår, det har bygd seg opp eit trufast følgje ved å fri til dei som gjerne står time etter time i arkadehallane for å perfeksjonere ferdigheitene sine. Det er eit spel skreddarsydd for dei som skal bli best, og som er på jakt etter eit spel som er så djupt og presist i utføring at konkurransen på sett og vis bleiknar.

Eit seriøst slåssespel?

Akkurat dette kan og vere litt av grunnen til at Virtua Fighter aldri har oppnådd den same populariteten som sine rivalar. Du blir ikkje bombardert med dårlege historier og halvnakne damer. Damene i Virtua Fighter er eigentleg honnørverdig godt påkledd i forhold til kva vi har blitt vande med (muligens med unntak av militærdama med BH). Virtua Fighter 5 kastar ikkje bort tid på å måle eit pent bilete av seg sjølv. Virtua Fighter 5 er eit arrogant monster som forventar at du veit kva du driv med. Det handlar om knyttnevar og spark, og ei historie blir det såleis ikkje rom for. Ole Einar Bjørndalen har ikkje behov for å vite livshistoria til skia han går på, ei heller treng du å få ei detaljert historie om verktyet du brukar for å banke motstanden.

Spørsmålet er om ein skal sjå på Virtua Fighter 5 som eit nestegenerasjons-spel, eller om ein kun skal dømme det ut i frå sine kvalitetar som eit hardcore slåssespel. Kva gjeld sistnemnde er det eigentleg liten konkurranse. Trass i at du finn karakterar som varierar mellom gigantiske folk med ansiktsmåling, til små apekattar, er alt balansert ned til dei mest pirkete detaljane. Om du er god nok, har det ingenting å sei kven du spelar med. Det er så fordømt presise kontrollar at ein umiddelbart merkar at her er det noko spesielt, og det er aldri karakteren du har valt det kjem an på, men deg.

I essensen brukar du kun D-paden og tre knappar. Du har ein knapp for å beskytte deg, ein for slag, og ein for spark. I tillegg kan du legge forskjellige spesialangrep til ryggknappane. Frå dette enkle standpunktet har du tilgong på eit enormt hav av kombinasjonar. Gjennom å sakte men sikkert studere korleis spelet fungerar, lærer du deg dei forskjellige karakterane sine angrepsmønster. Du lærer deg å handtere andre spelarar sine angrep, og du lærer deg å flette saman dine eigne angrep inntil du er ei dødsmaskin. Det er på sett og vis ei åpenbaring, du skjønar umiddelbart at du verkeleg kan bli god i spelet. Du ser korleis det fungerar, men det er ikkje det minste tvil om at dette fjellet kjem det til å ta deg tid å nå toppen på.

Velkjent utval

Frå hovudmenyen i Virtua Fighter 5 har du ei rekke med kjende val. Du kan hoppe ut i "Arcade" som sendar deg ut i kamp etter kamp mot dei forskjellige karakterane i spelet, du kan ta ein kamp mot ein ven, trene litt, eller begi deg ut på "Quest"-modusen. I motsetning til kva ein lett kan tru, er ikkje "Quest"-modusen eit håplaust action-eventyr med ei historie om personleg vendetta. I "Quest"-modus får du eit lite kart over forskjellige arkade-hallar, og her kan du gå frå dei enkle nybegynnar hallane, til vanskelegare område der du verkeleg får testa ferdigheitene dine. Samtidig for kan du tene pengar og få premiar, noko du kan bruke for å gi karakterane dine ny kostymer og anna krimskrams.

Poenget er at dette skal simulere å reise til forskjellige hallar, og du spelar mot andre spelarar. Desse spelarane har sine karakterar dei kjempar med, akkurat som deg, og alt blir styrt av kunstig intelligens som vil få kvar spelar til å handle litt forskjellig. Det er ein ganske artig vri på det, og du vil kjenne deg igjen om du har spelt Virtua Fighter 4: Evolution. Problemet er at denne kunstige intelligensen er ganske gjennomsiktleg. Det er til dels ganske lett å forutsjå kva fiendar vil finne på, noko som ikkje alltid er like lett om du spelar mot ein ven eller andre dyktige spelarar. Det einaste som eigentleg forandrar seg i vanskelege arkade-hallar, er at motstandarane dine ikkje fell for enkle triks lengre.

Derfor kan det vere ein god idè å ta seg ein tur til dojoen. Dojoen er treningssenteret for ein kvar kamphane, og her får du perfeksjonert alle slag og spark ein karakter har til disposisjon. Du kan enten spele med ei kommandoliste som viser neste kombo så snart du har utført den forrige, eller du kan velje ein av dei forskjellige karakterane i spelet, og stille inn korleis han eller ho skal reagere på det du gjer. Du kan til dømes bestemme at han skal kontre alle angrep, men elles ikkje gjere noko. Det er ein veldig grei måte å lære seg korleis ein skal handtere forskjellige situasjonar som skulle oppstå.

Dette tar uansett tid, lang tid, og derfor er det litt synd at treningsmodusen ikkje er enda eit par hakk betre. Timing er viktig i spelet, og akkurat dette er punktet som får dojoen til å vise sine svake sider. Du får ingen hint om timing eller tempo, og du får heller ingen demonstrasjon over korleis ting skal utførast eller sjåast, noko som hadde vore til god hjelp. Du kan derfor ende opp med å trykke inn alle knappane du ser, men sidan det ikkje alltid er like tydeleg kva knappar som skal trykkast inn samtidig, blir det lett å gjere feil. Å la deg perfeksjonere kvart angrep etter tur, hadde kanskje vore greit, sidan du då lettare vil hugse dei forskjellige angrepa før du går vidare til neste.

For dei med vener

De spelar eigentleg inga rolle kor bra eit slåssespel er om du ikkje har nokon å spele med. Kva er poenget med å bli god i eit slikt spel om du ikkje har nokon å mose etterpå? Slik sett fungerar jo spelet naturleg nok i ein arkade-hall der spelet og stammar frå, men på PlayStation 3 kunne det godt ha vore litt meir å velje mellom. Det er ikkje alle som har ein bøling med kampklare vener, og derfor er det veldig synd at spelet ikkje støtter nokon former for online-speling. Det einaste alternativet du har er å invitere nokon du kjenner, og er du aleine, då blir Virtua Fighter 5 raskt ganske kjedeleg. Det er forståeleg at SEGA utelot dette fordi kampar over nett vil bli håplause om nettverket ikkje er hundre prosent stabilt, men det er likevel synd at vi ikkje ein gong får sjansen til å prøve oss.

Utover dette er det kun ein ting som avgjer om Virtua Fighter 5 er noko for deg. Det er eigentleg frykteleg lite å hente her med mindre du er ein ihugga fan av slike spel. Om du ikkje ser forskjell på Tekken, Soul Calibur og Dead or Alive, vil du garantert ikkje skjøne kva som er greia med Virtua Fighter. Det er eit hardcore-spel, for hardcore-spelarar, enkelt og greit. For alle andre blir forskjellane mest kosmetiske, etter kva du synest ser tøffast ut. Kosmetiske forskjellar er kanskje ikkje nok for å investere i eit nytt spel, eller ein ny konsoll.

Den største forskjellen i forhold til forrige Virtua Fighter-spel, er i grafikken. Denne er dessverre ganske variabel. Nokre område er store og flotte, andre er uinspirerte og kjedelege. Det varierar óg korleis animasjonane på karakterane er. Heilheitleg sett ser det veldig bra ut, men det dukkar av og til opp litt merkelege og hakkete bevegelsar som bryt heilheita ganske kjapt. Spesielt er det lett å reagera på ansikta. Nokre av dei ser direkte grusomme ut, og får tankane til å gli tilbake til forrige generasjon. Dei bileta du såg av Akira då PR-maskineriet først starta å rulle, reflekterar på ingen måte korleis det ser ut i spelet. Lyssettinga, og korleis lyset fell på karakterane er upåklageleg, men av og til ser det mest ut som om det er to plastdokker som hoppar rundt på skjermen.

Ein ting eg har litt problem med å akseptere er kvifor lyden må vere så forferdeleg prehistorisk som den er. Du kan sikkert sei at det er stilen, det er slik det skal vere, at det er tradisjon. Eg er ikkje einig. Forvrengde og støyande lydar for slag og spark var kanskje naturleg for ti-femten år sidan, då ein ikkje hadde god nok maskinvare til å få det betre. Men når grafikken blir betre, burde det vel vere naturleg at lyden blir det óg? Virtua Fighter 5 er eit smellvakkert spel der lyden ikkje samsvarar med det du ser, den høyrest ut som lyden du finn i parodiar på gamle Bruce Lee-filmar.

Det same kan seiast som stemmene til dei forskjellige kampheltane. Stemma til Sarah høyrest til dømes ut som om den kjem frå bak ein vegg. Det dundrar av bass og mellomtone, og det høyrest ikkje bra ut. At skodespelet godt kunne ha vore eit par hakk betre for dei få setningane som blir sagt, er heller ikkje til å unngå. Musikken er óg litt varierande, nokre låter gir deg tankar om migrene, andre må eg innrømme har satt seg på hjernen. Om det er bra eller dårleg vil eg ikkje spekulere for mykje i.

Konklusjon

Virtua Fighter 5 byr på rask, presis og frenetisk slåssing. Det er eit solid antal karakterar å velje mellom, og alle har ein særeigen stil. Om du ikkje finn noko som passar smaken din her, er det heller tvilsomt om slåssespel er noko for deg. Uansett om du er ute etter litt sosial rivalisering, eller om det er viktig for deg å trene til fingrane blør, er Virtua Fighter 5 som skapt for deg. Det er lett å kome i gong med, men er likevel så djupt at du alltid kan bli betre. Det er alltid komboar som kan perfeksjonerast, du kan alltid bli raskare i reaksjonen, og til dette formålet er Virtua Fighter 5 kongen. Dead or Alive 4 på Xbox 360 er moro det, men Virtua Fighter 5 er i ein litt anna klasse.

Siste fra forsiden