Vita-versjonen av Rayman Legends manglar fleire nivå

Spelarane har fått mykje mindre enn dei blei lova.

Då Ubisoft kunngjorde at Rayman Legends ville kome til PS Vita i tillegg til ein haug andre konsollar, blei vi lova alt innhaldet frå dei andre versjonane. I tillegg ville vi få nokre eksklusive nivå.

Ubisoft har innfridd på det siste punktet, men no har brukarar på spelforumet NeoGaf funne ut at Vita-versjonen manglar heile 28 nivå i forhold til dei andre versjonane. Desse nivåa er heile Invasion-modusen. Denne modusen byr på samansetningar av diverse nivå i spelet der målet er å kome seg frå start til slutt på kortast mogleg tid.

Dei 28 manglande nivåa er blant dei mest utfordrande i heile spelet, og mangelen på desse nivåa sender den totale mengda med Lum du kan samle inn ned frå 700 til 615.

PS Vita er ikkje fullversjon likevel.
PS Vita er ikkje fullversjon likevel.

Eit kanonspel

Vi prøvde oss nyleg på Xbox 360-versjonen av Rayman Legends, og vår mann Jens Erik var så i ekstase at han klaska til med full pott:

«Det er lenge sidan eg har vore borte i eit produkt som i så stor grad fortener toppkarakter. Rayman Legends er frå start til slutt ei fryd å oppleve, og eg gliste frå øyre til øyre kvar gong noko nytt og spanande blei servert. Alt frå nivådesign, figuranimasjon, lyddesign og gameplay er plukka frå øvste hylle og eg kunne ikkje ha vore meir nøgd med resultatet.»

Les også: Glovarme jern i ilden hos Ubisoft
Les også: Zombie Us elendige salgstall svekket Ubisofts tro på Wii U

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen