Warcraft-filmen kunngjerast

Vivendi har nå kome med den offisielle bekreftninga om Warcraft-filmen, som mange ivrige Warcraft-fans har venta stille på.

Som spådd kom den bekreftede meldinga om en Warcraft-film fra Vivendi i dag. I samarbeid med Legendary Pictures har Blizzard Entertainment no tatt det litt vågale steget å transformere eit av sine definitivt mest populære univers til den store skjermen. Legendary Pictures står blant anna bak fjorårets Batman Begins, og har fleire store filmar på trappene (til dømes Superman Returns og M. Night Shymalan sin nye film Lady in the Water).

Sjølv om Blizzard er kjende for sine fantastiske filmsekvensar, blir det ikkje ein animasjonsfilm som møter deg i kinosalen. Du kan forvente deg ei full rollebesetning med eit persongalleri fullstendig uten polygonar, og forhåpentlegvis spektakulære effekter for å bringe Warcraft-universet sine mange rasar og monster til live.

– Frå vårt første Warcraft-spel til våre siste romanar, har vår intensjon alltid vore å skape eit rikt fantasi-univers som kan være grobunn til historier og produkter i mange former. I tillegg til å være ei givande erfaring for oss, kjennest produksjonen av denne filmen som eit naturleg steg for Warcraft-universet, seier Chris Metzen, visepresident for kreativ utvikling hos Blizzard Entertainment i ei pressemelding.

Du kan nok rynke på nasa og bli redd for kva Legendary Entertainment vil gjere med Orken din på nivå 60, spesielt med tanke på kvaliteten filmatiseringar av spel generelt har hatt, men i følge sjefen for Legendary Entertainment si kreative avdeling; Jon Jashni, har vi ingenting å frykte.

– Vår hensikt er å gå laus på dette som om det var ein bestselgande roman: respektere essensen av alt det er, men også å bygge på den fruktbare basisen, samtidig som vi overførar det til eit nytt medium.

Det er ingen tvil om at Warcraft-universet har eit enormt hav av kjeldemateriale å bygge på. Sidan Warcraft: Orcs and Humans blei lansert i 1994, har serien høsta enorm popularitet, noko som så langt har toppa seg med World of Warcraft som no har eit innbyggartal på heile seks millionar betalande spelarar.

Det er ikkje kjent kven som er regissør eller skodespelarar.

Siste fra forsiden