Anmeldelse

Warhammer: Battle March

Grøn hud og beksvart blod

Skal du ha deg eit strategispel til konsoll, er Warhammer-universet ein god start.

På orkemunne heiter krig Waaagh!, og det blir uttala som eit litt sløvt «Wåå», sjølv om det skulle bli brølt ut med all den kraft dei sannsynlegvis ganske stygge lungene til ein ork er i stand til å mane fram. Trass sine krigerske vegar, og sin totale forakt for frykt, er orkar ein ganske sjarmerande rase. Dei er for det meste stein stokk dumme, og så lenge dei får ta del i dei beste kampane, er alt anna likegyldig. Det handlar om kamp, om krig, og om å drepe «poncy elves». Såleis blir Warhammer: Battle March aldri så underhaldande som det blir når du har styring over desse grøne beista.

Video fra Warhammer: Battle March

Vis større

Video: Warhammer: Battle March

Stikkord:
  • spill
  • warhammer
  • xbox 360
  • pc
  • strategi
  • battle march


Den store testen

I likskap med Warhammer: Shadow of the Horned Rat, og Warhammer: Dark Omen som kom til PC på 90-talet, er Warhammer: Battles March eit strategispel der du får kontroll over forskjellige regiment. Med mindre du tek kontroll over ein helt, vil du aldri få kontroll over individuelle soldatar (eller modellar som dei blir kalla her, i eit tydeleg nikk til miniatyrspelet Warhammer: Battler March er basert på).

Før kvart slag får du velje kva regiment du vil ha med deg, kjøpe nokre nye, eller oppgradere dei du har. Du kan samtidig velje å fylle opp dei regimenta som kanskje skulle ha mista soldatar under det førre slaget du kasta deg ut i. Denne prosessen er ganske smertefri, avhengig av kor mykje pengar du har, men den demonstrerer kjapt kva utfordringar du står ovanfor. Om du skulle miste alle modellane i eit regiment under eit slag, er dei borte for all tid. Det kostar pengar å kjøpe nye, og det kostar pengar å fylle opp halvtomme regiment. Spelar du utan å tenkje langsiktig, står du brått fastlåst med to eller tre regiment, og ingen god måte å fylle dei opp igjen.

Dette kan raskt bli vegen til undergang, og eit spel som for all tid blir ståande på hylla. Du kan ikkje ta eit einaste sideoppdrag for å forbetre økonomien, og den vesle summen med pengar du har, blir gradvis mindre for kvart slag. Den einaste utvegen du har, er enten å skru ned vanskegrada (noko du praktisk nok kan gjere når før og etter kvart slag), å gå tilbake til ei tidlegare lagring, eller ved å spele veldig, veldig smart.

Til kamp, modellar

Den største utfordringa som møter deg for å klare å spele smart, kjem gjennom å ha full kontroll. Det er gjort eit tappert forsøk på å skape eit velfungerande og tilgjengeleg kontrollsystem, men resultatet er komplisert og innvikla. Det er lett å gjere ufrivillige feil, og det er vanskeleg å ha full oversikt til ei kvar tid.

Basisen er likevel svært enkel. Du har ein markør låst til midten av skjermen, og med denne vel du regimenta, kvar dei skal gå, og kven dei skal angripe. Utfordringane står likevel i kø så snart du skal bli litt meir avansert i krigføringa di. Skal du velje fleire regiment, kan du trykkje på dei, men om du skal gå frå eitt regiment til eit anna, må du først trykkje på B før du kan velje eit nytt. I kampens hete fungerer det ikkje optimalt, det er lett å gløyme seg, og brått sende fleire regiment på tur enn du eigentleg ville.

For å unngå dette kan du lagre grupperingar av regiment til RB, og dette hjelper litt, men det gir deg likevel ikkje full kontroll. Vel du ei gruppe på denne måten, hoppar ikkje kameraet automatisk til den. Du må manuelt trykke på ein knapp for å sentrere kameraet på den valde gruppa, og dette gjer ting hakket meit tungvindt enn det gjerne skulle ha vore.

For å gjere ting enda meir komplisert finn vi nokre temmeleg innvikla mekanismar for å fikle med formasjonen til regimenta, samt oppførsel. Skal du til dømes be eit regiment om å spreie seg for å unngå pilene til fienden, må du først trykkje på høgre trigger, deretter må du trykkje til høgre eller venstre på D-paden, før du til slutt trykkjer inn A, B, X eller Y for den kommandoen du vil velje.

Det er ikkje særleg intuitivt, og det blir verre av at du ikkje alltid veit kva dei forskjellige symbola eigentleg står for. Du veit ikkje kva som skjer når du trykker inn ein knapp, før du gjer det. Sjølv om ein opplæringsmodus informerer deg om ein del av dei, får du mykje informasjon på kort tid, og det er lett å gløyme. I tillegg er det mange ting opplæringa aldri fortel deg, og når manualen ikkje fortel deg noko av verdi heller, består mykje av spelets første timar av ein god del prøving og feiling.

Trening gjer meister

Etter nokre timar byrjar likevel kontrollsystemet å gli inn i fingrane, og du veit instinktivt korleis du skal handtere situasjonar. Det er først no spelet verkeleg byrjar å bli underhaldande. Det sluttar å bli tungvindt, og du endar opp med å kommandere hærane som om du aldri skulle ha gjort noko anna. Om du kjem deg så langt vil du faktisk innsjå at dette spelet er veldig moro.

Du får ta del i mange spanande slag, der strategisk plassering av regiment betyr alt, og du får ta del i utfordrande angrep på borger borger. Det blir ein del tenking, slik det gjerne skal vere i eit slikt spel. Samtidig er det god variasjon i dei forskjellige rasane og soldattypane. På overflata ser dei heilt like ut, alle rasane har soldatar av same type, om det så er med sverd, boge eller hest, men under overflata ligg det mykje du ikkje ser.

For ein person som er ukjend med Warhammer-universet kan dette vere litt vanskeleg å sjå, bortsett frå at ein lett legg merke til kor mykje betre til dømes bogeskytarane til mørk alvane er, enn bogeskytarane til orkane. Spelet gir deg diverre ingen solid informasjon om kva forskjellige soldattypar er gode til. Du kan få opp ein informasjonstekst om kvar type, men det er ikkje noko som verkeleg fortel deg i detalj kven som er betre enn kven.

Tek du turen på Xbox Live vil du derimot raskt møte folk som veit kva dei driv med, og det er tydeleg at mange har spelt miniatyrspelet i fleire år. Det er ei stund sidan eg har gjort det sjølv, så eg blei gledeleg overraska over kor imøtekomande det vesle samfunnet rundt spelet er. Folk hjelper deg, dei gir deg tips, dei fortel kva regiment som er bra til kva, og det er i det heile svært triveleg å spele på nett.

Kampane blir ikkje lange, og handlar for det meste om å møtast midt på kartet, men korleis du vel å setje saman hæra di er kvar den verkelege strategien ligg. Om du skulle drite deg ut, er det likevel ingen som ler av deg eller er arrogante, dei ler heller med deg, og fortel deg kva du bør gjere annleis.

Mørkt og vakkert

Warhammer: Battle March har kanskje ikkje dei meste detaljerte figurane du har sett i eit spel, men dei er imponerande framstilt med tanke på kor mange som er av dei på skjermen til ei kvar tid. Det hender riktig nok at spelet slit med bildeoppdateringa, men dette er berre i situasjonar der heile skjermen ser ut som ei enorm maurtue under dei aller største slaga.

Utviklarane har gjort ein eksemplarisk jobb i å gjenskape dei forskjellige rasane frå Warhammer-universet, og alle ser akkurat ut som dei alltid har gjort. Orkane er store og brutale, alvane er fagre og vakre, medan rotterasen Skaven, er pukkelrygga og ser ut som ei sikker kjelde for livsfarleg sjukdom. Nokre vil kanskje meine det heile minnar for mykje om Warcraft, men då er det verdt å merke seg at Warhammer-universet var ute i god tid før Warcraft, og det er nok Blizzard som har imitert Games Workshop, ikkje omvendt.

Sjølv om historia ikkje er den aller beste, blir den tidvis ganske underhaldande, som eg sa innleiingsvis er det orkane som byr på den største underhaldninga, då først og fremst gjennom orkebossen sin endelause idioti. Det er vanskeleg å ikkje le når han ropar til krigarane at dei skal knerte menneska i «steinhytta», medan hans nestkommanderande lettare oppgitt sukkar «fortet».

Det heile blir pakka inn i fargerikt skodespel, og fantastisk musikk frå Jeremy Soule, som er godt kjent gjennom blant anna dei to siste Elder Scrolls-spela, og Dungeon Siege.

Konklusjon

Det er ikkje så lett å få til strategi på konsoll, men Warhammer: Battle March er absolutt eit verdig forsøk som viser både sjangeren og kildematerialet respekt. Det er vanskeleg å kome inn i, og krev meistring, men så snart du kjem over det, vil du finne eit spel som er både engasjerande og underhaldande. Spelet er fargerikt sjølv om det er mørkt, og er stappfullt av herleg svart humor.

Medan du spelar gjennom historia, vil du nok merke at timane går temmeleg raskt unna, og når den er ferdig, kan du kaste deg ut i kampar på Xbox Live. Du vil ikkje finne det største samfunnet av spelarar der, men dei som er der er svært trivelege, og alle har det moro, uavhengig av om dei tapar eller vinn.

Siste fra forsiden