Anmeldelse

Warrior Kings: Battles

I jungelen av spel og utviklarar er det ein sjanger som er i ferd med å bli fullstendig utmagra. Det er ein populær sjanger, så naturleg nok melkar visse utviklarar denna kua for alt den er verdt. Idètørke blir då eit kjent begrep, og å finne nye idear blir vanskelegare for kvar dag som går.

Side 1
Side 2
Side 3

Flott stemning
Visuelt sett er WKB eit nydeleg spel. Det er ikkje den tekniske kvaliteten som bringer spelet opp på eit høgt nivå, det er alle dei små detaljane som utviklarane i Black Cactus har implementert. Fuglar flyr over tretoppane, og svarte ramnar samlar seg over slagmarkene. Ein detalj som pustar mykje liv i korleis verda blir oppfatta, er skyene som bevegar seg over himmelen. Sollyset flyttar på seg i takt med skyene, og ein får aldri følinga av at verda står stille. Det same kan seiast med ein bygning som har tatt fyr. Flammane spreiar seg, noko som er spesielt tydeleg på murane rundt byen. Om du ikkje gir bøndene beskjed om å slokke brannen vil den spre seg, og utfallet kan vere katastrofalt.

Animasjonane er også stort sett av høg kvalitet. Nokre bevegelsar verkar litt unaturlege, som til dømes hestane som dreg vognene, men når ein ser på ein spion som set fyr på eit hus, kan ein sjå ein godt animert karakter som bevegar fakkelen fram og tilbake. Modellane i seg sjølv er ikkje så veldig detaljerte, og om ein går nærme inn på dei vil ein finne figurar av få polygonar. Dette burde uansett ikkje plage nokon, kameraet er ideelt sett eit godt stykke frå bakken, og då er alt ein ser flotte landskap og skarpe teksturar. Fint er det også at alle modellane ikkje er like. Bøndene er til dømes både menn og kvinner, og visse typar soldatar kler seg i forskjellige klede.

Lydbiletet er på alle måtar like bra som grafikken. Alt gir lyd frå seg i spelet, men varslingslydar kunne godt ha vore meir markante. Nokre av dei er små melodiar, som ofte høyrest ut som ein del av musikken. Musikken på si side er som skapt for denne typen spel. Når alt er fredeleg og roleg kjem det fin og behageleg musikk sivande ut frå høgtalarane, men så snart det bryt laus ein kamp, forandrar musikken seg til pompøse melodiar med tøffe arrangement. Av og til kan ein til og med høyre eit par el-gitarar i miksen, noko fører enda meir driv inn i atmosfæra. Resultatet er at det til tider er umogleg å ikkje la seg engasjere.

Konklusjon
Black Cactus gjer eit verdig forsøk på å gjere noko litt annarleis i ein sjanger der veldig mykje er veldig likt. Forsøket deira er berre delvis vellukka. Warrior Kings: Battles har eit par nye og spanande idèar, men heilheitleg sett følest det veldig likt mange andre spel der ute. Hadde konseptet med å velje din eigen sti vore betre gjennomført, hadde nok Warrior Kings: Battles fått ein identitet mange andre spel berre kan sjå langt etter. Dessverre har dei stoppa idemyldringa litt for tidleg. Sjølv om du kan velje retning, følest dei alle veldig like. Uansett kva du vel å spele vil du ha mange av dei same folka i hæra di, og mange av dei same bygningane. Det er for lite variasjon til å skape ei unik oppleving. Når det er sagt, er Warrior Kings: Battles eit bra spel. Det byr på solid spelbarheit, og mange utfordringar. Å beherske dei forskjellige taktikkane du har til disposisjon, og enda viktigare, vite kva som vil fungere i ein gitt situasjon er ei utfordring ein ikkje skal sjå lett på. Er du på jakt etter eit spel du kan spele i timevis, eller berre slappe av med i ny og ne, er Warrior Kings: Battles eit bra val. Om du ikkje er så begeistra for taktisk plassering av både soldatar og bygningar, bør du i så fall leite ein heilt annan stad.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden