Wasteland 2 kjem til Xbox One

Microsoft har avslørt eit lass med indititlar på veg til sin svarte boks.

inXile

Denne veka går spelutviklarkonferanen Game Developers Conference av stabelen i San Francisco. Der har Microsoft avslørt at ei rekke indiespel er på veg til Xbox One via deira ID@Xbox-program. Blant desse finn vi ei solid blanding av velkjende titlar, og ei rekke nye og spanande spel under utvikling.

Blant komande Xbox One-spel finn vi PC-yndlingen Wasteland 2. Denne versjonen av det folkefinansierte rollespelet vil få nye kampmekanikkar, og dra nytte av nye grafiske oppgraderingar utviklarane fortalde om tidlegare i veka.

Ei anna populær indieperle som tek turen til Xbox One er det svenske morospelet Goat Simulator der du skal styre ei vilter geit gjennom ei rekke halsbrekkande stunt. Mange vil sikkert òg bli glade for at det sideskrollande actionspelet Shovel Knight tek turen til Xbox One.

Magi og plattformaction

Fargerike Earthlock: Festival of Magic er på veg til Xbox One.

Eit nytt Magic: The Gathering-spel er på veg i form av Magic Duels: Origins. Med dette spelet hentar Wizards of the Coast inspirasjon frå Blizzard, og gjer kortspelet gratis å spele, men garantert med ei solid dose mikrotransaksjonar attåt.

Den norske JRPG-hyllasten Earthlock: Festival of Magic vil og bli å finne på Xbox One om ikkje så alt for lenge, medan Mega Man-skapar Keiji Inafunes komande plattformspel Mighty No. 9 satsar på å kapre plattformelskande hjarte verda over.

Microsoft har lista opp ei lang rekke komande indiespel, og den fulle lista kan då sjå på nettsidene deira. Microsoft har ikkje gått ut med detaljar om når kvart spel vil dukke opp.

Siste fra forsiden