Watch Dogs er ein braksuksess

Ubisoft kan slå seg på brystet for tidenes største lansering av ein ny spelserie.

Ubisoft

I førre veke lanserte omsider Ubisoft det etterlengta opa verd-spelet Watch Dogs. Spelet blei godt motteke av eit stort sett samla pressekorps, samt spelarar verda over. I tillegg har det vist seg å bli akkurat den suksessen Ubisoft håpa på då dei kunngjorde spelet for to år sidan.

I ei pressemelding i dag fortel dei at spelet i løpet av lanseringsveka aleine selde over 4 millionar kopiar. Dette gjer Watch Dogs til den mest suksessrike lanseringa av ein ny spelserie gjennom tidene. I tillegg er Watch Dogs det Ubisoft-spelet som har selt best i løpet av si første veke etter lansering.

Watch Dogs og Ubisoft har likevel eit godt stykke igjen for å kunne ta opp kampen med dei verkeleg store og etablerte seriane på marknaden. Grand Theft Auto V knuste til dømes i fjor alle rekordar då det blei selt over 11 millionar kopiar i løpet av det første døgnet aleine, med det blei det mest inbringande underhaldningsproduktet gjennom tidene.

Kampen mot storebror

Framtida blir #selfie.

I Watch Dogs reiser vi til ein noko dyster visjon om korleis storbyen Chicago blir i framtida. Det meste i byen blir styrt av eit operativsystem, og mykje av moroa i spelet kjem gjennom å manipulere akkurat dette systemet. Jon Cato meinte at spelet på ingen måte var feilfritt, men at dei gode sidene overskygga dei negative:

«Watch Dogs har kanskje ikkje blitt akkurat det vi førestilte oss etter E3 for to år sidan, men det har blitt eit imponerande variert og leikent actionspel sett til ei opa 3D-verd med mange minneverdige spelarskapte opplevingar. Prikken over i-en er korleis det taklar dagsaktuelle problemstillingar rundt den aukande overvakinga i samfunnet og vår eiga vilje til å dele personlege detaljar med hele verda på nettet på ein involverande måte som vekker genuine kjensler i spelaren.»

Watch dogs er så langt lansert på PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Windows i Noreg. Det vil bli lansert på Xbox One ved lanseringa av Microsofts nye konsoll i september, samt Wii U i løpet av hausten.

Om du lurer på korleis du skal få best grafikk i Watch Dogs på PC, bør du sjekke ut vår søsterside Hardware.nos guide for akkurat det.

Siste fra forsiden