Watch Dogs til Wii U før jul

Nintendo-publikummet får omsider oppleve Ubisofts storspel.

Då Ubisofts store opa verd-spel Watch Dogs blei lansert i mai var det ein versjon som mangla. Wii U-versjonen av storspelet var utsett på ubestemt tid, og for Nintendo-publikummet har det lenge vore stille omkring når spelet ville bli tilgjengeleg.

I dag har derimot Ubisoft sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Wii U-versjonen av Watch Dogs vil lanserast i Europa 20. november. Med det tek spelet opp kampen mot resten av stortitlane som knivar om å bli ein del av årets julehandel.

Wii U-versjonen vil jamt over bli den same som vi har sett på andre plattformer, men den vil få nokre unike funksjonar. I pressemeldinga skriv Ubisoft at skjermen på Wii U-kontrollaren vil bli brukt til å vise eit interkativt kart over Chicago. Som mange andre spel vil du òg kunne spele heile spelet via denne skjermen, om nokon andre skulle ha bruk for TV-skjermen.

Set fingeren på overvakingssamfunnet

Vil Watch Dogs bli ein suksess på Wii U?
Vil Watch Dogs bli ein suksess på Wii U?Bilde: Ubisoft

I Watch Dogs tek du på deg rolla som hackeren Aidan Pierce. Med ei kriminell fortid som bagasje endar han opp som midtpunktet i ei historie der myndigheitenes overvaking av folk er eit sentralt tema.

Vi var svært nøgde med spelet, og gav det åtte poeng på skalaen:

«Til sjuande og sist overskuggar ambisjonane og bodskapen til Watch Dogs eventuelle tekniske manglar og skuffelsar. Nei, Watch Dogs har kanskje ikkje blitt akkurat det vi føresåg oss etter E3 for to år sidan, men det har blitt eit imponerande variert og leikent actionspel sett til ei opa 3D-verd med mange minneverdige spelarskapte opplevingar.»

Watch Dogs har blitt ein solid suksess for Ubisoft. Kort tid etter lansering kunne dei fortelje at Watch Dogs var den mest suksessrike lanseringa av eit nytt spelkonsept nokon sinne. Om det vil gå like bra med Wii U-versjonen gjenstår å sjå. Om ein Wii U-suksess vil få Ubisoft til å revurdere si avgjersle om å slutte med spel for vaksne på Wii U er ei anna sak.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen