Wii U får støtte for GameCube-kontrolleren

Nintendo lanserer adapter før Super Smash Bros.

Om du sit der med ein Wii U-konsoll på hylle er det ganske stor sjanse for at du har irriterte deg over konsollen ikkje støttar GameCube-kontrolleren. Denne handkontrollen er ein favoritt for mange, og sidan Wii kunne spele GameCube-spel, hadde den òg støtte for GameCube-kontrollaren. Ved lanseringa av Wii U var derimot både støtta for GameCube-spel og kontrollaren borte.

Favoritt is Smash Bros.-miljøet

Kontrollaren er ein favoritt blant mange Smash Bros.-spelarar, og i samband med nettopp denne serien har Nintendo no kunngjort ein GameCube-adapter til Wii U. Den nye adapteren blei vist fram i ein trailer for ei komande Super Smash Bros.-turnering som skal gå føre seg under E3-messa i Los Angeles om hakket over ei veke.

Wii Us adapter for GameCube-kontrolleren.
Wii Us adapter for GameCube-kontrolleren.

Litt seinare blei den nye adaptaren vist fram via Twitter. Adapteren koplast til Wii U via USB, og har rom fire GameCube-kontrollarar. Når den vil kome i sal er det ikkje sagt noko om, men det er nok lov å tippe det blir nokonlunde samstundes med lanseringa av Super Smash Bros. til Wii U og 3DS seinare i år.

I første omgang er det berre Nintendos slåssespel vi veit kan spelast med GameCube-kontrollarar. Om fleire Wii U-spel framover vil støtte GameCube-kontrollaren vitast ikkje. Om Wii Us Virtual Console-marknadsplass etter kvart skulle fyllast opp med GameCube-spel, ville i alle fall det vere eit svært eigna bruksområde.

Nintendo har ikkje ikkje heilt hatt hellet med seg den siste tida. Dei tapar pengar for tredje år på rad, og blei nyleg saksøkt av Philips. Kva planar dei har for å snu den trenden får vi forhåpentlegvis vite når E3-messa opnar dørene.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen