Wii U-versjonen av Aliens er død

Nintendofolket får ikkje slite seg gjennom makkverket.

Mange venta i spaning på Aliens: Colonial Marines. Å få skyte dei svarte beista frå Aliens-universet i selskap med andre spelarar burde jo vere ei oppskrift på suksess. Med tanke på at spelet blei utvikling av Borderlands-studioet Gearbox var det all grunn til å vere optimistisk.

Det vi fekk var derimot eit solid slag i trynet på alle som hadde venta på skytespelet. Spelet var enkelt og greitt dårleg, upolert, fullt av tekniske feil, og såg i tillegg ikkje bra ut. Dette siste punktet har vore gjenstand for mykje diskusjon. Då Gearbox tidlegare viste fram spelet på E3-messa i Los Angeles viste dei eit lekkert spel med mykje grafisk fiksfakseri. Sluttproduktet blei noko heilt anna, og var tydeleg nedgradert i forhold til den tidlegare demoen.

Etter lanseringa kom ulike rapportar om at spelet som skulle vere utvikla av Gearbox eigentleg var utvikla av andre studio. Blant anna var TimeGate sterkt innvolverte sidan Gearbox fokuserte på å gjere Borderlands 2 ferdig. I tida etter lanseringa av spelet har fleire tilsette hos TimeGate mista jobben.

Originalt skulle spelet kome til PlayStation 3, Xbox 360, Windows og Wii U. No har derimot Sega ovanfor Kotaku fortalt at utviklinga av Wii U-versjonen er stogga, og spelet er skrinlagt. Det er kanskje like greit med alt det negative fokuset spelet har fått så langt.

Les også: Gearbox takka nei til Call of Duty Les også: Anmeldelse: Aliens vs. Predator

Siste fra forsiden