Anmeldelse

Wii Zapper

Det var på E3 tidlegare i år at Nintendos amerikanske sjef stolt slo seg på brystet og presenterte det nye, og svært så fantastiske, leiketøyet til Wii. Om det ikkje var nok å peike på skjermen med ein handkontroll, ville du no kunne dytte den kontrollaren inn i litt kvit plast som skulle etterlikne eit våpen. Wii Zapper skulle den heite, og i følgje Nintendo blir dette perfekt for skytespel.

Vil denne saken åpne for nye muligheter i skytespill på Wii?
Vil denne saken åpne for nye muligheter i skytespill på Wii?

Om vi spolar fram til i dag, og ser på kva vi har fått, hadde han eigentleg rett. Wii Zapper er veldesigna, den liknar eit våpen, og det er godt mogleg at den vil bli ein revolusjon for skytespel. Men akkurat dette gjer ikkje det medfølgende spelet Link's Crossbow Training mykje for å overbevise deg om. Spelet er ei lunken samling minispel der målet ditt er å skyte på blinkar, eller eit og anna beist som skulle vise seg på skjermen.

Litt bakvendt

Wii Zapper let deg låse fast både Wiimoten og nunchucken i ei stilling som skal vere tilnærma lik eit våpen. Du legg Wiimoten på toppen av konstruksjonen, kveilar kabelen til nunchucken inn i eit lukka rom, og monterar nunchucken bakerst. Det heile skurrar umiddelbart litt for min del. I hovudsak fordi det i utgangspunkt er tenkt at du skal bruke B-knappen på Wiimoten som avtrekkjar. På så og seie alle våpen ligg avtrekkjaren bakerst, her ligg den fremst. Problemet med dette er at det blir ustødig. Du kan lettare halde våpenet i ro om avtrekkjaren ligg bak. Med Wii Zapper held du i staden i to handtak, der du aldri heilt veit kva hand som skal føre våpenet, og kva hand som skal halde det stødig.

Hovudproblemet med oppsettet slik det har blitt, er at du blir lettare forvirra angåande høgre og venstre. Om du er høgrehendt, held du instinktivt Wii Zapper deretter. Problemet som oppstår her, er at i denne stillinga er det den venstre handa som hamnar på avtrekkjaren. Det blir eigentleg ikkje naturleg uansett korleis du snur og vrir på det, før du til slutt røskar nunchucken laus. Ved å halde nunchucken i ei hand, og Wii Zapper med den andre, blir alt meir naturleg, og du held våpenet slik du vil halde eit våpen i røynda. Eit anna problem med konstruksjonen av Wii Zapper er at du blir veldig sliten etter ei stund. Mange vil sikkert raskt kjenne at måten du held armene når du siktar på skjermen er heilt feil. Musklane spenner seg, og ei lita krampe er ikkje langt unna.

LInk's Crossbow Training følger med Wii Zapper.
LInk's Crossbow Training følger med Wii Zapper.

Nintendo hadde eigentleg gjort eit smart trekk om dei hadde laga ein forenkla versjon av Wii Zapper, der heile bakre del er avkappa. Eg vurderar i alle fall sterkt å berre sage av bakdelen, sidan det var først då eg begynte å halde nunchucken i venstre hand at eg begynte å setje pris på kva Wii Zapper kan tilby.

Det mest oppløftande punktet er at vi får ein doning til Wii som verkeleg let oss late som om vi har eit våpen i henda. Om du skyt betre med denne doningen kan likevel diskuterast. Eg skyt til dømes mykje betre når eg held Zapperen med berre ei hand. Ein udiskutabel fordel med Wii Zapper, er at den aukar kjensla av å vere i spelet svært mange hakk, noko som er minst like mykje verdt som litt ekstra presisjon.

Skyteglade Link

Det er eigentleg litt håplaust at det spelet som skal demonstrere Wii Zapper er eit tanketom samling av minispel. Det du får bryne deg på, er nokre få variasjonar av tre forskjellege spel. Samtidig er spelet bygd opp av nivå du må gjennom, og du må klare gjennom kvar av desse tre minispela før du kan låse opp eit nytt nivå.

Det er plenty å skyte på her i gården.
Det er plenty å skyte på her i gården.

I det første minispelet skyt du på blinkar. Spela basert på denne ideen varierar mellom blinkar som sprett opp og ned, eller blinkar som på eit eller anna vis flyttar seg over skjermen. Dette er like kjedeleg som det høyrest ut, og du er lei etter første omgang. I spel nummer to står Link fastlåst i eit område, og må skyte alle kryp som kjem nære. Dette er hakket meir underhaldande, men det er likevel ikkje heilt der. Du har ei viss utfordring, men det heile blir så meiningslaust i lengda.

Det siste minispelet er det som kjem nærast korleis Wii Zapper sannsynlegvis vil bli brukt i skytespel, men er dessverre så underutvikla at ein får lyst til å grine. Du flyttar Link med stikka på nunchucken, og ser rundt deg med Wiimoten. Dette fungerar veldig bra, og med tanke på at du held Zapperen framfor deg, gir det deg ei kjensle av å sjå rundt deg med dine eigne auge.

Nintendo kunne lett ha utvikla alle desse tre minispela mange hakk lengre. Heile poenget med spela er å få nok poeng. Desse poenga får du sjølvsagt ved å skyte fiendar. Om du er flink og treff ein blink eller fiende med kvart skot, vil poengsummen gange seg oppover. Dessverre har du som regel berre eit minutt på deg, noko som fører til at du har gått gjennom alle spela på både kryss og tvers etter veldig kort tid. Den underhaldningsverdien som er i spela forsvinn veldig kjapt når du kan alle bretta utanåt.

Hvordan piler kan skade disse beinranglene er et mysterium.
Hvordan piler kan skade disse beinranglene er et mysterium.

Om du tener nok poeng på kvart nivå, vil du få ein medalje, og får du ein medalje låser du opp neste nivå. Om du er litt dyktig, og skyter godt, kan du runde heile spelet på omlag ein time, noko som ikkje akkurat er ei imponerande levetid.

Konklusjon

Om du gjerne vil spele Link's Crossbow Training bør du vite at dette eigentleg ikkje er eit spel. Det har mindre underhaldningsverdi enn kva du finn i eit enkelt spel i Wii Play. Den einaste grunnen til å kjøpe denne pakka er for å få seg ein Wii Zapper, men om den i seg sjølv er verd pengane kan diskuterast. Zapperen fungerar godt i lag med Resident Evil: The Umbrella Chronicles, men med ein litt tung konstruksjon, og litt bakvendt anatomi blir du kjapt sliten av å bruke den.

Det er ein god tanke Nintendo kjem med, og det er tydeleg at dei har brukt tid på å designe produktet. Eg lurer likevel på om Nintendo like godt kunne ha kome med eit enkelt pistolhandtak til Wiimoten, sidan Wii Zapper er både meir behageleg og presis om du held den med ei hand, og nunchucken med den andre. Eit morosamt leikety er det uansett. Vi får berre håpe mange nok spel baserar seg på å bruke den, til at den ikkje støvar ned på hylla.

Nintendo Wii Zapper   Les mer »

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen