Wolfenstein: The New Order har fått dato

Gjev betatilgang til det neste spelet i den legendariske Doom-serien.

Wolfenstein er ein essensiell serie om vi skal snakke om skytespelas historie. Det første spelet i denne serien definerte ein heil sjanger, og hjalp id Software med å bli eit viktige namn i spelindustrien.

Nye spel har dukka opp med jamne mellomrom, og det neste spelet kjem frå Starbreee avhopparane i svenske MachineGames. I Wolfenstein: The New Order blir vi introdusert for ei alternativ verd der nazistane vann andre verdskrig. Vi er no på 1960-talet og må kjempe mot blant anna digre kamprobotar i tillegg til ordinære fotsoldatar.

Doom-beta for alle

Det blir plenty med action i neste Wolfenstein.
Det blir plenty med action i neste Wolfenstein.

I dag har utgjevaren Bethesda Software sendt ut ei pressemelding er dei fortel at Wolfenstein: The New Order vil kome i sal 23. mai. for PC, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One. Dette er derimot ikkje alt vi får vite i pressemeldinga. Der kan vi lese at alle som førehandskjøper spelet vil få tilgang til ein komande Doom-beta.

Dette er dei første livsteikna frå det komande Doom-spelet på lang tid, og det er verdt å merke seg at Bethesda no omtalar spelet berre som Doom, og ikkje som Doom 4 slik dei tidlegare har gjort.

Dette kan moglegvis kome som eit resultat av ein problematisk utviklingsprosess. I fjor fekk vi høyre at utviklinga av Doom 4 tilsynelatande berre var rot.

Når denne betaen går i gong seier ikkje pressemeldinga noko om, men før den tid kan du altså sjå fram til Wolfenstein: The New Order. Vi tok ein kikk på det i fjor, og meinte det var eit flåsete og lovande spel.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen